Hopp til innhold

- Ikkje råd til begge delar

Noreg når ikkje klimamålet sitt dersom det blir mange sjøkablar i Noreg, meiner kraftekspert. Men Høgre avviser at klima må vike for estetiske omsyn.

Unge Venstre held appell ved Stortinget
Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

– Me har ikkje nok pengar til både kablar og andre dyre klimatiltak, meiner

Eivind Magnus, Direktør THEMA Consulting Group

Klimamålet må vike dersom ein vel sjøkablar framfor luftspenn, meiner Eivind Magnus i THEMA Consulting Group.

Foto: Jørn Norstrøm / NRK

direktøren i konsulentfirmaet THEMA Consulting Group, Eivind Magnus.

Sjøkablar og jordkabler kostar mykje meir enn vanlege høgspentliner. Dersom alle dei planlagde traseane til Statnett vert lagde i kabel i staden for luftspenn, vil meirkostnadene bli på meir enn hundre milliardar kroner, skreiv VG nyleg.

– Går ut over helse og samferdsel

– Då har me ikkje råd til å i tillegg skulle investera milliardar i ting av kosmetiske grunnar, seier energikonsulenten som trur ein eventuell sjøkabel i Hardanger vil pressa fram krav om jord- og sjøkablar andre stader.

– Det vil ta ein altfor stor del av samfunnsressursane, og gå ut over andre føremål som helse, vegar, barnehagar og så vidare, meiner han.

Kostbart klimamål

Magnus peikar på at klimamålet Noreg har forplikta seg til for å avgrensa den globale oppvarminga, vil kosta mykje. Energikonsulenten har sett på kva ein elles kan få for pengane som kablar ville ha kosta.

– Om ein ser på kva det vil kosta å gjennomføra tiltak i Noreg, så ville ein kunne finansiera opp til halvparten av klimareduksjonen som me er forplikta til å oppnå.

– Barbera, ikkje halshogga

Siri A. Meling (Høgre)
Foto: Tomas Moss / Pressefoto

Klimapolitisk talskvinne for Høgre, Siri A. Meling er skeptisk til denne samanlikninga. Ho seier prisen for kabling av alle planlagde kraftliner for eit ekstremt og urealistisk ytterpunkt.

– Det er forskjel på det å barbera seg og det å skjere hovudet av seg.Me snakkar om at ein i einskilde område, der det er estetiske omsyn å ivareta, bør velje kabel framfor luftspenn.

AKTUELT NÅ