Hopp til innhold

«Ammeskam» er vanlegare enn du trur

Då matinfluensar Linda Stuhaug var open om kor vanskeleg det har vore å amme, eksploderte innboksen av kvinner som opplever det same.

Kvinne heller morsmelk i ein kopp

SÅRT OG UTFORDRANDE: Linda Stuhaug har fått enorm respons etter at ho delte opent om kor vanskeleg amminga har vore.

Foto: Ann Beate Eikås Hovland / NRK

Mange kjenner til Linda Stuhaug som matinfluensar. I desember blei ho mor for første gong.

– Eg har alltid tenkt at amming er ein del av babytida, og ein del av det eg skal gjere som mamma. Og så er det så praktisk, og du får ein spesiell nærleik og tilknyting til barnet når du ammar.

Brystpumpa durar under genseren hennar. Ved sidan av ligg den nyfødde jenta i ei vogge med store, nysgjerrige auge.

Over nyttår delte ho eit innlegg på Instagram, der ho ope fortel at barseltida ikkje har gått heilt som forventa. Det tok nemleg ikkje lang tid frå ho kom heim frå fødestova, til ho skjønte at matinga av den vesle ikkje gjekk heilt som det skulle.

Kvinne bøyer seg over baby som ligg i ei vogge
Foto: Ann Beate Eikås Hovland / NRK

– Det har vore litt sårt, for eg har hatt så lyst til å få det til. Fullamming var ønsket mitt frå start, og eg tenkte og trudde at det skulle gå fint. Det har vore frustrerande, og ganske utmattande.

Dei siste vekene har Linda og sambuaren jobba dag og natt med å løyse ammeutfordringane. Det var ikkje før ho plutseleg stod i det sjølv, at ho skjønte kor altoppslukande det var å ha ein baby som ikkje tok til seg nok mat gjennom puppen.

Det viste seg fort at ho ikkje var aleine.

Les også Nybakte mødre oversvømmes av ammeråd – her avlives mytene

KÅL OG KULLSYRE: Camilla Løften Amundsen i Ammehjelpen holder opp to ting som folk tror kan påvirke ammingen.

Fekk stor respons

Etter at ho posta innlegget på Instagram og Facebook, eksploderte innboksane av kvinner som har opplevd eller står i det same. Også VG har skrive om den enorme responsen.

– Det er ganske mange som fortel at dei har kjent seg aleine om å ha desse utfordringane, og det verkar som det er ein del skam rundt det.

Stuhaug fortel at mange har skrive til ho om frustrasjon og kjensler av å ikkje strekke til som mor.

Kvinne scrollar gjennom kommentarar på Instagram

Mange kvinner har delt sine historier med Linda etter at ho var open om sine utfordringar.

Foto: Ann Beate Eikås Hovland / NRK

På helsestasjonen i Førde får dei kvar veke inn kvinner som har spørsmål og utfordringar med amming. Det seier Kristine Ørstavik, som er assisterande einingsleiar og helsesjukepleiar ved helsestasjonen i Førde.

– Vi møter ein del kvinner som opplever det som eit nederlag, eller ei stor sorg å ikkje få til å amme barnet sitt.

Har du opplevd utfordringar med amming?

Ja, det har vore krevande 46%

Nei, det har gått fint frå start 22%

Litt i starten, men det løyste seg etter kvart. 32%

Avstemningen er lukket. 755 stemmer totalt

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Helsesjukepleiaren trur mange kjenner på eit press når det kjem til amming. Det er kanskje ikkje rart når forsking viser fordelane med å amme.

Ifølge Folkehelseinstituttet er Noreg eitt av landa i vesten som ammar mest. Norske kvinner blir råda til å amme heile det første året, og gjerne lenger. Bakgrunnen er at forsking viser at morsmjølk er viktig for helsa til både barn og mor.

Ørstavik meiner likevel det er viktig at kvar enkelt kvinne gjer det som er best for ho.

– Ein må ikkje amme for å vere ei god mamma, og i nokre tilfelle rår vi kvinner til å avslutte amminga når ein ser at dei har tøygd strikken veldig langt for å få det til. Nokon gongar går det ikkje.

Les også Fekk ubehageleg kommentar frå legen: – Må slutte å legge skam på kvinner som ikkje klarar å amme

Marte Leirvåg.

Ønsker meir kompetanse

For Linda Stuhaug og familien hennar var det avgjerande å få hjelp. Det fekk dei frå både helsestasjon, ammepoliklinikk og Ammehjelpen.

Dei siste åra har Ammehjelpen blitt kontakta over 30 000 gangar årleg frå kvinner som ønsker hjelp.

Camilla Krogli Hansen frå Ammehjelpen seier det er mange som har behov for å snakke med nokon om utfordringar rundt amming. Helsevesenet viser også til Ammehjelpen som eit tilbod for kvinner.

– Å kjenne på at ein ikkje meistrar amming, kan gi grobotn for mange store kjensler, som sorg, sinne, skam og misunning.

Brystpumpe på kjøkkenbenk

Linda Stuhaug måtte gå til innkjøp av nytt utstyr då amminga ikkje gjekk som det skulle, som til dømes brystpumpe. Den er blitt ein del av kvardagen.

Foto: Ann Beate Eikås Hovland / NRK

Ho seier mange kvinner strekker seg lenger enn dei hadde sett for seg for å få til amming, og at nokre kanskje ikkje får den rettleiinga dei har behov for.

Gry Hay i Helsedirektoratet seier til NRK at dei jobbar med å auke kompetansen om amming i norsk helsevesen, både gjennom utdanning, på sjukehus og helsestasjonar. I dag har 132 av 357 kommunar helsestasjonar som er ammekyndige. Målet er at alle helsestasjonar i landet skal vere godkjente.

Våg å dele

Kristine Ørstavik har ei klar oppfordring til kvinner som opplever amming som vanskeleg.

– Våg å dele. Snakk om det med dei rundt deg, med helsestasjonen, og for all del med partnaren din. Ikkje gå med det aleine iallfall, for du er absolutt ikkje aleine om det.

Kvinne med baby i armane

Linda har framleis eit ønske om å fullamme.

Foto: Ann Beate Eikås Hovland / NRK

Linda Stuhaug er glad for at ho valde å vere open om sine utfordringar med amming, og håpar det kan få fleire til å føle seg mindre aleine.

– Det er veldig naturleg å få det til, men det er også veldig naturleg at det ikkje går på skjener.

Les også Norske sykehus med gladmelding: Flere barn ble født i 2024

Rett før jul ble Gabriel en av mange i Østfold som så dagens lys. Mamma Nina Olaussen er glad.

Hei!

Takk for at du las saka!

Har du innspel, eller tips til andre saker eg burde sjå på?

Send meg gjerne ein mail!