– Det er eit forferdeleg høgt tal, seier Svein Book Dalsgård, leiar for avdelinga for kundeopplevingar i Skyss.
Då Skyss gjennomførte ein såkalla teljekontroll på Bybanen og dei tolv mest brukte busslinjene i Bergen veke 50, mangla 33,77 prosent av dei reisande billett.
I liknande teljingar frå 2018 var det mellom 10 og 12 prosent som ikkje hadde billett. I 2019 var det 6 prosent som ikkje hadde betalt for reisa.
Trur fleire snik også i Oslo
Også i Oslo trur kollektivselskapet Ruter at fleire vel å ikkje betala for seg under pandemien. I veke 50 fekk om lag 10 % av dei som blei kontrollerte i billettkontroll i hovudstaden bot.
– Desse er likevel usikre, og me har ein hypotese om at den reelle prosenten er høgare, seier kommunikasjonssjef i Ruter, Sofie Bruun.
HYPOTESE OM FLEIRE: Ruter trur også fleire i Oslo har unngått å betala under pandemien.
Foto: Tore EllingseterI trondheimsområdet fekk 13,6 prosent av om lag 3740 kontrollerte bot under billettkontrollar i veke 50 i fjor, opplyser AtB til NRK.
Ein teljekontroll skil seg frå ein billettkontroll ved at dei som blir tekne ikkje får bot. Ein slik kontroll gir eit riktigare bilete på kor mange som faktisk snik.
Vektarstreik og pandemi
Dalsgård trur snikinga har auka fordi det har vore færre billettkontrollar under koronapandemien. I tillegg meiner han den lange vektarstreiken i haust har ført til at mange vel å ikkje betala.
– Det er både trist og leit at folk ser mogelegheiter til å unngå å betala, seier han.
Berre om lag ein prosent av dei som sneik, sa det var fordi det var vanskeleg å kjøpa billett.
STREIK: Vektarar tilknytt Norsk Arbeidsmandsforbund streika i ti veker i fjor haust.
Foto: Simen StrømmeKan gå ut over kollektivtilbodet
Dalsgård seier sniking kan gå utover rutetilbodet. Skyss er ifylgje han heilt avhengige av billettinntektene.
– Alle inntektene går tilbake til drifta. Langvarige tap kan føra til reduksjon i tilbodet, noko som vil ramma alle, seier Dalsgård.
Kollektivselskapa tapar allereie pengar på pandemien. Berre i mars og april tapte Skyss om lag 140 millionar kroner. I juni rekna Skyss og Ruter med at dei hadde tapt 592 millionar kroner.
– Det er ekstra forstemmande at reisande ikkje betalar som dei skal for denne tenesta, som så mange er avhengige av, seier han.