Hopp til innhold

Målkåt sognajente ynskt i utlandet

Elise Thorsnes sin innsats for Røa og det norske damelandslaget i fotball, går ikkje upåakta hen.

Elise Thorsnes

YNSKT: Elise Thorsnes kan i år bli både seriemeister, cupmeister og toppscorar i norsk damefotball. No er ho også ynskt av fotballklubbar i utlandet.

Foto: PATRIK STOLLARZ / Afp

Røa-spiss Elise Thorsnes frå Leikanger ynskt av fleire utanlandske klubbar.

Med 27 seriemål for den norske seriemeisteren, er 23-åringen på god veg til å bli toppscorar for andre gong i eliteserien. I 2006 vart ho også kåra til årets unge spelar.

– Eg har høyrt om interesse frå klubbar i Tyskland og Sverige, sjølv om det ikkje har vore noko konkret enno, seier ho til Sogn Avis.

(Artikkelen held fram TV-saka)

Video Røa sikret seriegullet

SJÅ: Slik feira Røa seriegullet i helga.

Vurderer utlandet

I helga noterte Thorsnes seg for tre nye mål då Røa banka Kattem 8-1 på heimebane . På dei to siste kampane har spissen scora fem mål, og dermed teke eit kvantesteg frå Kirsty Woods.

Med sine 20 mål er Stabæk-spissen Thorsnes sin næraste utfordrar om toppscorartittelen når ein kamp står att. NRK sin fotballekspert, Karl-Petter Løken, har tidlegare uttala at 23-åringen er for god for Røa .

– Proffspel i utlandet er det neste store målet mitt, så eg skal tenkja meg godt om med tanke på 2012-sesongen, seier ho til avisa.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Elise Thorsnes er for god for toppserien

SJÅ: Elise Thorsnes er for god for toppserien.

Fotball på heiltid

Røa-spissen fortel at ho i vinter har trena mykje på spenst og hurtigheit, noko som har gjort at ho i år har vore meir «på» i kampane.

Spelarane måtte før sesongen tole 75 prosent lønnskutt for at klubben skulle klare seg økonomisk. Dette gjorde det umogleg å halde fram med fotball på heiltid. Noko ho svært gjerne vil.

– Eg ynskjer å bli best mogleg i fotball - skal det gå må eg spele fotball på heiltid, og ikkje drive på hobbybasis slik eg gjer no. I Sverige og Tyskland er interessa mykje større for damefotball, og spelarane er heilprofesjonelle. Det ville vore bra for utviklinga mi, seier Thorsnes til Sogn Avis og legg til at ho også vurderer overgang til Vålerenga, som satsar stort på damesida.