Hopp til innhold

Elise Thorsnes frå Leikanger kan verte seriemeister med Røa

Elise Thorsnes frå Leikanger scora to mål mot Klepp IL. No er Thorsnes både toppscorar og svært nær å verte seriemeister.

Elise Thorsnes

TOPPSCORAR: Elise Thorsnes scora to mål for Røa og sikra dei to nye poeng.

Foto: PATRIK STOLLARZ / Afp

I kampen mot Klepp IL vann Røa 2-1 og begge måla var det Elise Thorsnes som stod for.

– Det var kjekt. Viktigaste er at jo at vi vinn, men det er alltid kjekt å score mål, seier ei glad Elise Thorsnes.

Fotballspelaren frå Leikanger sikra dermed klubben tre nye poeng og to kampar før serieslutt ligg dei på topp i tabellen med 51 poeng.

Gode sjansar for å verte seriemeister

På andreplass ligg Stabæk Fotball med 45 poeng og ni mål bak Røa i målforskjell. Dermed er det, med berre to kampar att, meir eller mindre avgjort at Røa vert seriemeistrar trur Thorsnes.

– Det er ein teoretisk sjanse for at nokon kan ta oss att, men det trur eg skal mykje til, seier Thorsnes.

– Kan vi seie at du no med dine to mål i kveld har avgjort serien?

– Det er eit resultat av noko vi har gjort heile sesongen, men det er klart det var moro å avgjere kampen i dag når vi låg under til pause, seier ei beskjeden Elise Thorsnes.

Elise Thorsnes.

JUBEL: Elise Thorsnes har all grunn til å juble. No er det gode sjansar for at ho og Røa vert seriemeistrar.

Foto: Roger Neumann, VG / Scanpix

Toppscorar

Men Thorsnes har ingen grunn til å vere beskjeden. Så langt i sesongen har Thorsnes scora 24 mål og er dermed den i serien som har scora flest mål.

Neste kamp for Røa vert heime mot Kattem. Thorsen meiner dei skal ha gode sjansar også i den kampen.

- Det trur eg går veldig bra. Vi brukar å ha godt tak på dei på heimebane, men kampen må jo spelast den også, seier Thorsnes.