Hopp til innhold

Toppskårar i eliteserien

Tre runder før serieslutt har Elise Thorsnes frå Leikanger skåra mest mål i toppserien i fotball.

Arna/Bjørnar-trenar Morten Kalvenes er imponert over eliteseriedebutanten.

- Det er i overkant av det vi både kan vente og forlange. Men vi kjende på førehand til potensialet hennar som målskårar, og Elise Thorsnes markerte seg tidleg i vintersesongen.

Har skåra 18 mål

Med to nye mål mot Liungen forrige runde auka Elise Thorsnes leiinga på toppcorerstatistikken i eliteserien for kvinner. Leikangerjenta som gjekk frå Kaupanger til Arna/Bjørnar i vinter er no oppe i 18 mål. Tonje Hansen frå Kolbotn er nummer to med 15 mål og Una Nwajei frå Amazon har 13 fulltreffarar. Kalvenes karaktriserer sognejenta som eit sjeldant spissfunn..

- All historikk seier at det går veldig lenge mellom kvar gong ein finn denne typen spelarar. Vi sa før sesongen at det først og fremst er Elise som er spennande på grunn av potensialet. Ikkje på grunn av det ho har gjort tidlegare. No har ho synt deler av potensialet, og utfordringa vert å hente ut meir i framtida.

Fjerdeplass

Tre seriekampar før slutt er Arna/Bjørnar på fjerdeplass i toppserien, berre eitt poeng bak Kolbotn på sølvplass. Og Morten Kalvnes håpar at fleire fulltreffarar av Elise Thorsnes i dei siste kampane kan sikre laget medalje.

- I enkeltkampar har ho stått for det avgjerande spelet.