Sjølv om ho stadig skårar mål på både Røa og landslaget har Thorsnes måtte tigge pengar frå ordføraren i Leikanger for å ha pengar til livets opphald.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Men kommunen måtte til slutt krype til korset og avslå søknaden om pengar frå fotballspelaren. Men aksjonen som arbeider for å få det 153 år gamle flagget til Fylkesbaatane i Sogn og fjordane tilbake i mastene på FSF sine båtar kjem no til unnsetning.
Dei gir nemleg 30 000 kroner til Leikanger-jenta, og startar med det kronerulling for idrettsutøvaren si VM-satsing.
- Det er naturleg for oss å bruke den eldste og sterkaste merkevara i fylket, Fylkesbaataneflagget, til å byggje ei framtidsretta profilering gjennom ein av våre fremste idrettsutøvarar, skriv Henning Rivedal og Hermund Kleppa i ei pressemelding.
- Elise fortener støtte
GAMALT: I 151 år vaia dette flagg-symbolet frå mastene om bord på Fylkesbaatane sine farty. No skal flagget vaie for Elise Thorsnes.
Foto: Teikning: Fylkesarkivet i Sogn og FjrodaneEtter at Thorsnes fekk beskjed om at spelarløna i klubben hennar, Røa, vart kutta med 75 prosent, måtte ho ut på friarferd. Men Leikanger kommune såg seg ikkje råd til å støtte fotballspelaren økonomisk.
- LES OGSÅ:
Dei arbeider framleis med å få til eksterne sponsorar, og no har dei fått fleire med på laget.
Rivedal og Kleppa kjempar for at det gamle flagget til Fylkesbaatane igjen skal til topps på ferjer og hurtigbåtar i fylket, og no heiser dei flagget til topps for å hjelpe Leikanger-jenta.
- Vi synst det er litt slapt at det ikkje blir noko fortgang i dette med å støtte Elise økonomisk, seier Henning Rivedal til NRK.no.
Han skildrar Thorsnes som eit uvanleg stort talent, ikkje berre på fotballbana.
- Ho er eit naturleg leiartalent og ein flott representant for bygdene våre i Sogn og Fjordane. Her reiser ho til tjukkaste «Blærum» og held på dialekta si - så ho fortener støtte frå lokale krefter, seier Rivedal.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
TRENG STØTTE: Elise Thorsnes får ikkje pengestøtte frå heimkommunen Leikanger. No får ho hjelp frå forkjemparane for det gamle Fylkesbaatane-flagget.
Foto: Nyhetsspiller- Kan bruke Flaggskjorta når ho vil
Initiativtakarane til kronerullinga ber både næringslivet og Leikanger kommune til å tenkje seg om ein gong til og bli med på sponsorlaget.
Dei gjer no 30 000 til fotballspelaren og håpar det kan vere ein god start.
- Vi vil nytte høve til å markere at vi meiner andre også burde vere med på dette. Dersom vi ikkje får napp kjem vi aktivt til å ringe litt rundt, seier Rivedal til NRK.no.
Den einaste føresetnaden flaggforkjemparane set til Thorsnes sjølv er at ho ved passande høve tek seg på Flaggskjorta.
- Vi er stolte over den flotte framferda hennar og at ho er ein vinnartype og ein markert spelar på det norske fotballandslaget for kvinner. Vi er spente, og gler oss til at ho spring inn på VM-arenaene med det norske flagget på brystet, seier Rivedal og Kleppa.