Hopp til innhold

Brøytekantar stenger fjellovergangar: – Kan rase saman

For andre helga på rad gjer rasfarlege brøytekantar at fjellovergangar er stengde.

Sognefjellet

SNØVEGG: Slik ser det ut på vegen over Sognefjellet mellom Luster og Lom kommunar.

Foto: Even Kvam / Vestland fylkeskommune

Seinast fredag kollapsa ein brøytekant på Gaularfjellet mellom Sogndal og Sunnfjord kommunar. Raset blei rydda etter kort tid, før faren for fleire ras gjorde at fjellovergangen blei heilt stengd.

Både fv. 55 Sognefjellet og fv. 13 Gaularfjellet er no stengde til over helga, på grunn av rasfare og dårlege vêrmeldingar

Det er uvanleg mykje snø i fjellet i år, noko som viser att på brøytekantane langs vegane.

Med brøytekantar på opptil ni meter og meldingar om uvêr, så vert ikkje bommane opna med det første.

– Skavlane kan rase saman, åtvarar trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i vest, Marianne Hove.

Sognefjellshytta

SOGNEFJELLSHYTTA: Slik ser det ut ved Sognefjellshytta. Råmund Mundhjeld, dagleg leiar, seier vegen har vore open fram til hytta.

Foto: SKJERMDUMP /STATENS VEGVESEN

Gir tunneleffekt

Både Gaularfjellet og Sognefjellet blei opna førre helg etter å ha vore vinterstengde. Då gjekk det eit ras over Sognefjellet.

Det er dobbelt så mykje snø på desse fjellovergangane i år, enn kva det var i fjor. Vestland fylkeskommune har allereie trekt fram dei høge brøytekantane som ei utfordring.

Brøytekantane kan smelte eller kollapse, men også føre til dårleg sikt denne helga. I kombinasjon med vind og snøfokk, så kan sikta bli tilnærma null for bilistane.

– Du får ein tunneleffekt av høge brøytekantar og mykje snøfokk, som gjer at sikta blir veldig dårleg, seier Hove.

Sognefjellet

SOGNEFJELLET: Det har vore litt av ein jobb med å brøyte seg fram på Sognefjellet i år.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Påfyll av snø

Helga har bydd på lågare temperaturar og snø i låglandet, medan det har vore uvêr i fjellet.

– Det er nok låg terskel for å stenge fjellovergangane når brøytekantane er så høge, seier meteorolog Kristin Sæther.

Ho lovar påfyll av snø dei neste dagane.

– Det har vore snø og periodar med kuling denne helga. Dei neste dagane får vi påfyll av meir snø, seier Sæther.