Hopp til innhold

Fjellovergangar opnar, men kan stenge på kort varsel

Fleire fjellovergangar opnar denne helga, men snømengdene og dårleg vêr kan føre til stenging igjen på kort varsel.

Gaularfjellet

FRYKTAR KOLLAPS: Brøytekantar på opptil ni meter, som her over Gaularfjellet, gjer at det er fare for at sjølve brøytekantane kan rase ut.

Foto: Ingrid Bjørnerheim Hynne / Vestland fylkeskommune

Fylkesveg 55 over Sognefjellet er open igjen etter at det gjekk eit snøras i morgontimane sundag.

Vegane over både Gaularfjellet og Sognefjellet opna denne helga etter vinterstengingar. Men med brøytekantar på opptil ni meter, er det fare for at kantane kan smelte og kollapse. Brøytemannskap og geologar er ekstra på vakt i tida framover.

Forholda i fjellet er såpass uvanlege at Vestland fylkeskommune i ei pressemelding trekker fram dei høge brøytekantane som ei ekstra utfordring.

«Noko som også er ei utfordring på alle fjellovergangane er dei høge brøytekantane, som kan smelte og kollapse.»

– Faren er at brøytekantane sig ut, rett og slett. Dei er såpass høge at dei kan byrje å sprekke opp og så gli ut i vegen, seier Rune Sverre Sande, leiar for drift i område nord i Vestland fylkeskommune.

Enorme snømengder

Driftsleiaren seier det er dobbelt så mykje snø på denne tida av året, samanlikna med i fjor.

Store nedbørsmengder gjennom vinteren har også gitt regn i låglandet, men snø i høgfjellet.

Fleire stader har det snødd så mykje at målestasjonane bukkar under.

Dermed aukar risikoen for skred både langs vegane, men også andre stadar.

– Vi ser brøytekantar på opptil åtte-ni meter. Er det mildvêr og sol, kan det også vere fare for solskred. Er det store nedbørsmengder, kan det også utløyse skred.

Sognefjellet

BER OM TIPS: Bilistar som køyrer fjellovergangar med særs mykje snø blir bedne om å tipse dersom dei ser noko uvanleg. Som til dømes sprekker i snøkanten.

Foto: Even Kvam / Vestland fylkeskommune

I tida framover kjem geologar og andre fagfolk til å sjekke forholda kvar dag. I tillegg ber dei om tips frå bilistar som køyrer dei nyopna vegane. Det er særleg sprekker i brøytekantane bilistane bør sjå etter.

– Står dei stødig, står dei trygt. Byrjar dei å sprekke opp, så må vi vurdere området og kva mengde som då kan kome ut.

Ved ein annan fylkesveg mellom Bjordal og Matre er det framleis så mykje snø og rasfare at vegen ikkje kan opne innan 1. mai.

– Fresinga av vegen er no stogga i påvente av at ein geolog skal på synfaring i området før helga, seier Mariann Kråkenes Jørgensen, leiar for drift i område sør.

Sognefjellet

OPNA I HELGA: Etter iherdig innsats opna vegen over Sognefjellet laurdag. Men fagfolk vurderer frå dag til dag om det er trygt i tida framover.

Foto: Even Kvam / Vestland fylkeskommune

Fare for flaum

Statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe har ikkje sett liknande sidan 2015.

– Det har vore uvanleg mykje nedbør i vestlege fjelltrakter i Sør-Noreg. Både i desember, januar og februar kom det meir nedbør enn normalt. Sjølv om vinteren har vore mild, har temperaturen i fjellet vore så låg at store delar av nedbøren kom som snø.

DNT-hytta Fivla i Luster

SNØ TIL SOMMAREN: Det vil truleg vere betydeleg snø på fjellet til langt ut på sommaren, seier statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe. Ved den nye DNT-hytta på Fivla i Luster er det store snøskavlar.

Foto: Anne Perlaug Fossøy

Fram mot 17. mai blir det mykje kjølig ver. Dermed kjem snøsmeltinga til å gå sakte også dei neste dagane i høgfjellet. Men det treng ikkje vere positivt.

– Det er betre at snøsmeltinga kjem i gong på eit tidleg tidspunkt, slik at meir vatn kjem ned i roleg tempo. Dei verste flaumane kjem ofte i juni når snøsmeltinga kjem veldig seint. Ein kald vår, kan gje stor flaum seinare på sommaren.

Statsmeteorologen trur ein vil finne brøytekantar ved fleire av fjellovergangane også når fellesferien startar.

– Det er grunn til å tru at ein må ganske langt ut på sommaren før brøytekantane byrjar å minke betrakteleg. Det tek veldig lang tid å smelte så mykje snø, seier Walløe.