Her vert hytta til Astrid graven fram

VIKAFJELLET (NRK): Mange hytteeigarar fekk seg ei overrasking då hytteforbodet vart oppheva.

Gravemaskin i sving på Vikafjellet

GODT GØYMD: Astrid Jansen følgjer med på at hytta hennar kjem fram frå snøen.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Ei av dei var Astrid Jansen som har hytte på Vikafjellet.

– Eg vart litt overraska over dei enorme snømengdene, fortel ho.

I mange fjellområde vert det meldt om enorme mengder snø i vår. Og i eit av dei mest nedbørsrike områda i landet, i fjellet mellom Sognefjorden og Voss, er dei fleste hyttene bokstaveleg tala nedsnødde.

Vikafjellet

NEDSNØDDE: Hyttene på Vikafjellet er godt gøymde under seks-sju meter med snø.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Over seks meter snødjupne

Dei som har teke seg bryet å måle djupna, meiner det er seks-sju meter på bar mark. På fleire av hyttene er det knapt råd å sjå pipene stikke opp av snøen.

Og det var nettopp det Jansen opplevde då ho kom opp for å sjå til hytta si på måndag.

– Det var mykje snø i 2015 også, men det er jo uansett enorme mengder, forklarar ho medan ho brukar spaden dei siste centimeterane for å kome seg inn.

Astrid Jansen

SLUTT PÅ HYTTEFORBOD: – Det blir heilt fantastisk. No har vi gått i ring rundt heime på golvet og venta, og venta og venta. Så det vert godt å kunne bruke hytta igjen, seier Astrid Jansen.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Sju hytter på tre dagar

Sjølv om dei som har hytte på snørike Vikafjellet er vane med å ta eit spadetak, vart det i meste laget å gjenopne hyttene på eiga hand i år. Difor kom redninga som bestilt i den vesle oransje gravemaskina til Bjørn Stalheim.

– Vi har hatt nokre spionar oppe og fått litt rapportar undervegs. Så då vi kom opp var han allereie i gang med nokre hytter og då var det berre å huke tak i han, humrar Jansen.

Stalheim humrar han og. Berre i løpet av tre dagar har han grave fram sju nedsnødde hytter.

– Det var ein som ringde og var redd for at hytta var skada. Han opplevde det i 2015. Så han ringde og lurte på om eg kunne kome opp. Og då byrja naboar som var redde for sine hytte å kome og, så då vart det fleire oppdrag.

Bjørn Stalheim

MANGE OPPDRAG: Entreprenør Bjørn Stalheim grov fram sju hytter på tre dagar.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Feira med kaffi og flagg

Lenger borte i snøen sit hyttenabo Geir Karlsen og kosar seg oppå ein snøhaug utanfor hytta. Også han måtte ha hjelp til gravemaskina til Stalheim No nyt han ein kopp kaffi attmed flagget som er godt planta i snøen.

– Det er første gong på 35 år vi ikkje har vore her i påska. Så no var lysta på å kome hit enormt stor. Flagget måtte på plass i det fine vêret. Vi må glede oss over dette.

– Kor godt er det å vere tilbake?

– Det er svært godt. Spesielt med dette vêret. Vi får det ikkje betre enn dette, konstaterer bergensaren.

Geir Karlsen

GLEDE: Geir Karlsen vart så glad for at han fann igjen hytta si at han like godt planta flagget i snøen.

Foto: Ola Weel Skram / NRK