Hopp til innhold

Må hente fôr heilt frå Nederland for å unngå krise for norske bønder

FØRDE (NRK): Skandinaviske graslager er tømde etter dei dårlege avlingane i fjor sommar. Mangelen på fôr i landbruket er no så stor at enkelte må heilt til Nederland for å skaffe mat til dyra.

Kyrne i fjøset på Angedalen Gard et no gras importert frå Nederland.

FÔRMANGEL: Den seine våren gjer at desse kyrne truleg ikkje slepp ut på beite før i mai/juni, seier eigaren. Mange bønder må no importere gras frå utlandet for å ha nok til over vinteren.

Foto: Sigrid Sivertsen Haugan / NRK

– Det er heilt spesielt i år. Avlingane har svikta i heile Skandinavia.

Alf Steinhovden i Vestfôr A/S har selt fôr i vel 25 år, og aldri opplevd ein sesong som i år. Dårlege avlingar i fjor og ein vinter som ikkje ser ut til å ta slutt gjer at mange norske bønder no står utan nok fôr til dyra.

Ifølgje Steinhovden byrjar det å tømmast i Sverige og Danmark òg.

– Dei siste par månadane har vi måtta importere frå Nederland for å dekke etterspurnaden. Det har eg aldri vore borti før, seier han.

Rundballar frå Holland på veg til norske bønder

LANGVEGSFRÅ: Gras frå Nederland på veg til norske bønder.

Foto: Alf Steinhovden

Får ikkje importert nok

Kyrne i fjøset på Angedal Gard i Førde samlar seg om matfatet. Graset er henta frå Nederland.

Denne kua har nok fôr til å klare seg vinteren over.

SIKRA SEG: Kyrne på Angedalen Gard slepp å bekymre seg. Gardbrukaren måtte vere tidleg ute for å sikre nok fôr.

Foto: Sigrid Sivertsen Haugan / NRK

– Vi visste at siloen vår kom til å vere tom på denne tida. I fjor haust sikra vi oss nok rundballar til over vinteren. Men eg veit at mange slit, og eg trur dei som ikkje sikra seg tidlegare hamnar i knipe no, seier gardbrukar Martha Angedal.

Ikkje alle var føre var. Fôrimportør Steinhovden opplever eit enormt trykk frå bønder som treng meir gras til dyra.

– Når du skal selje fôr lyt du vere glad for stor pågang, men no blir det nesten for mykje. Eg har vore nær ved å seie at no kan eg ikkje love noko meir for eg har ikkje større importkvote.

Fryktar du at vi hamnar i ei fôrkrise?

– Ja, eg trur det. I alle fall austlendingane slit no. I nokre av lagra eg hentar frå på Austlandet har det minka veldig, og dei vil slite viss vi får ein veldig sein vår.

Alf Steinhovden

FRYKTAR KRISE: – Alle mine faste kundar fekk beskjed i haust om å vere tidleg ute og sikre seg fôr til vinteren. Vi gjekk tom i februar, og no må vi hente heilt frå Nederland, seier Steinhovden.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Norske bønder er løysingsorienterte

Og våren lèt framleis vente på seg. Både Rogaland og Nordland opplever tøffe tider, seier fagkoordinator i Norsk Landbruksrådgiving, Ragnhild Borchsenius.

– I Rogaland burde det til dømes vere grønt, og dei første lamma burde vore kome ut på beite. Det finst nok bønder som sit med 100–150 rundballar ekstra, men ikkje torer å kvitte seg med dei før dei veit korleis våren og deira eigen fôrsituasjon blir.

Trass i at vinteren ingen ende vil ta, trur ikkje Borchsenius fôrmangelen vil by på noko krise for bøndene, og meiner vi ikkje må ta sorgene på forskot.

– Norske bønder er løysingsorienterte og sindige. Dei er vande med eit klima som endrar seg, og lever i og med naturen. Våren ser sein ut, men det kan skje veldig mykje på kort tid.