Hopp til innhold

Må betale 22.000 i eigedomsskatt for brakker han ikkje eig: – Verkar feil

Leif Sverre Enes må betale 22.000 kroner i eigedomsskatt for ein brakkerigg som står på eigedommen hans i Kvinnherad.

Brakkerigg i Kvinnherad

SKAPER FRUSTRASJON: Dette er brakkeriggane som har utløyst eigedomsskatt til Leif Sverre Enes.

Foto: Kvinnheringen

Då eit nytt skattekrav frå kommunen ramla ned i postkassa, vart han forfjamsa.

– Det er eigentleg prinsippet det går på, at eg skal betale tusenvis av kroner i eigedomsskatt på desse brakkene eg ikkje eig, det verkar feil, seier Leif Sverre Enes til NRK.

Han eig grunnen der brakkene står, men brakkene er det selskapet Ramirent som eig. Han fortel at dei betalar leige til han, og at han skattar frå den leiga. Det hadde han trudd var nok.

Det var avisa Kvinnheringen som først omtalte saka.

Leif Sverre Enes

VURDERER KLAGE: Leif Sverre Enes meiner det er urettferdig at han får eigedomsskatt på brakkeriggar han ikkje eig sjølv.

Foto: Kvinnheringen

Meiner kravet er feil

No har han vore i kontakt med ein advokat som meiner at skattekravet frå kommunen er feil.

Han understrekar at det skal gå fint å betale 22.000 kroner, men at det er det prinsipielle han tykkjer er interessant.

– Kva om dette var ein mykje større brakkerigg og rekninga var det tidobla, det ville kunne vere krevjande for ei bedrift å få eit slikt krav ut av det blå.

Brakkerigg i Kvinnerad

SKATT PÅ BRAKKERIGGAR: Kvinnherad kommune har hatt eigedomsskatt sidan 2010. Brakkeriggane blir vurdert som næringseigedom.

Foto: Privat

Enes sit som lokalpolitikar i kommunestyret for Høgre og driv ein campingplass og turiststad. Han understrekar at han i denne saka uttalar seg som privatperson.

Tidlegare denne veka skreiv NRK om at taksten på huset til Norman i Florø vart dobla over natta, då krava om eigedomsskatt kom.

Kommunen står på sitt

Men Kvinnherad kommune meiner at dei har rett til å krevje inn eigedomsskatt på brakkeriggen.

– I Kvinnherad er det vedteke utskriving av eigedomsskatt av alle faste eigedommar i samsvar med lov om eigedomsskatt, seier rådgjevar Per Harald Havnen Johansen i Kvinnherad kommune til avisa.

Han seier vidare til NRK at brakkeriggar er å rekne som næringseigedom. Kvinnherad kommune innførte eigedomsskatt i 2010, og retningslinjene har vore dei same sidan då.

– Dersom ein er usamd med utskrivinga av denne skatten, så er det mogleg å klage til sakkunnig nemnd i kommunen, seier han.

No vurderer Enes å klage.