Over natta blei taksten på huset til Norman dobla

Innbyggjarar i Kinn fekk «takseringssjokk» då kravet om eigedomsskatt kom. – Om dette huset er verdt 11 millionar, så sel eg på dagen, seier Norman Ingvard Løland.

Norman Ingvard Løland

FEKK SJOKK: Norman Ingvard Løland vart overraska då han fekk brevet frå Kinn kommune med krav om eigedomsskatt.

Foto: Eirik Johnsen / NRK

– Det har ingenting med verkelegheita å gjere, seier Norman Ingvard Løland.

Måndag fekk han eit brev frå Kinn kommune med krav om eigedomsskatt.

Der sto det at kommunen hadde taksert huset hans til 11,2 millionar kroner, og at skattekravet kom på 27.525,- kroner.

Sjølv meiner Løland den gamle taksten på om lag 5 millionar var meir realistisk, og peiker på nabohuset som for kort tid sidan bytta eigar for 5,4 millionar.

Då han tok imot brevet, skreiv han tilbake at han «sel på dagen» om kommunen verkeleg vil gje 11 millionar for huset.

– Eg har ikkje fått svar, seier han.

Til samanlikning er prisrekorden for ein bustad i Florø 8 millionar. Det dyraste huset på marknaden akkurat no har ein prisantyding på 6,16 millionar.

GROVKORNA: I retningslinjene Kinn kommune har for taksering av eigedomsskatt heiter det at synfaring vil «i det vesentlege vere ei utvendig synfaring som gjev grovkorna vurderingar».

Frå 28,5 til nær 60 millionar

– Eg har ikkje tal på kor mange som har ringt etter at dei fekk eigedomsskattemeldingane inn i Altinn-boksen sin, seier leiar i Flora Industri- og Næringsforening (FIN), Bjørn Hollevik.

John Sigurd Solberg er dagleg leiar i Fugleskjæret Næringsbygg i Florø. I 2017 vart næringsbygget taksert til 28,5 millionar.

No er det verdt nærare 60 millionar, seier kommunen.

– Ut frå det eg har skjønt er det ikkje anledning til å avvike så mykje frå marknadsverdien, seier Solberg.

Også han har klaga til kommunen.

Til grunn for takseringa i Kinn ligg ein variant av sjablongtaksering. Då tek takstmannen utgangspunkt i ein gitt kvadratmeterpris for ein type eigedom, som deretter blir justert for ulike forhold som plassering og standard. (Sjå faktaboks)

I retningslinjene kommunen har for taksering av eigedomsskatt heiter det at synfaring vil «i det vesentlege vere ei utvendig synfaring som gjev grovkorna vurderingar».

– Metodar som treff betre

Rolf Lothe er fagsjef i Skattebetalerforeningen. Han meiner det er fleire uheldige sider ved å fastsette eigedomsskattegrunnlaget til private bustadar på denne måten.

– Metoden er lovleg, men det er eit par ting det er viktig at kommunen sørger for: For det første kan ikkje eigedomsskattetaksten vere høgare enn marknadsverdien til eigedommen. Dette er ei absolutt grense, seier han.

Han får støtte frå Nejra Macic, sjeføkonom ved Prognosesenteret.

– Det finst mange andre metodar som kan treffe betre, seier ho.

Florø.

SJOKK: Denne veka sende Kinn kommune ut krav om eigedomsskatt. Fleire av innbyggjarane melder om «takseringssjokk».

Foto: Grethe Alice Hammerseth

«Hakkande gale»

Takseringsmetoden i Kinn kommune vart vedtatt av Ap, Sp, MDG og SV under budsjettbehandlinga i 2019, mot Frp si stemme.

– Metoden er hakkande gale, seier Frank Willy Djuvik, som er kommunestyrerepresentant for Frp i Kinn.

Han legg til:

– Dette har Frp åtvara mot i halvanna år, likevel er alle overraska.

I 2016 var det sogndølane som fekk «takseringssjokk». Halvparten av dei som fekk bustaden sin taksert, klaga på vedtaket.

– Klag om taksten er urimeleg

Ola Teigen er ordførar i Kinn (Ap). Han vil ikkje kommentere enkeltsaker, men seier det er «som forventa» at folk reagerer på retaksering.

Eigedomsskattelova paragraf 8 seier at ei slik taksering skal gjennomførast kvart tiande år.

Teigen legg til:

– Eg opplever jamt over at det ikkje er så store forskjellar på førre retaksering i Flora kontra no, men det kan vere enkelttilfelle. Dersom ein opplever at taksten er urimeleg, bør ein klage på det.

Quality Hotel Florø, Florø sentrum

FLORØ SENTRUM: Takseringsmetoden i Kinn kommune vart vedtatt av Ap, Sp, MDG og SV under budsjettbehandlinga i 2019.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK