Hopp til innhold
Info fra NRK

Ny serie: 6899 til eg dør

– Det viktigaste er å ha det gøy, synest artisten Kjartan Lauritzen. Heilt til han kjøper eit hotell og reiser ut på sin viktigaste turné – samtidig.

blabla
Video: NRK / NRK

I «6899 til eg dør» følger vi Per Áki Sigurdsson Kvikne, betre kjent som artisten Kjartan Lauritzen.

Han vaknar ein morgon i Bergen og får akutt heimlengsel til fjord og fjell i heimbygda Balestrand. Han ser på kjærasten Randi Sognnæs Aamot og spør: kvifor bur vi her i Bergen?

Det skjer nesten som ved eit knips, så eig Per og Randi eit hotell i Balestrand saman med broren til Per, Theodor «Teddy» S. Kvikne.

– Det skjedde eigentleg litt for spontant. Vi skjønte ikkje heilt kor stort ansvaret var før vi sto der med nøklane i handa. Samtidig var det ein sjanse vi ikkje kunne la gå ifrå oss, seier Sognnæs Aamot, som jobbar som tannlege ved sidan av å drive hotellet.

Per Kvikne, Randi Sognes Aamot og Teddy Kvikne.

Per Áki «Kjartan Lauritzen» S. Kvikne, Randi Sognnæs Aamot, Theodor «Teddy» S. Kvikne og hunden Biggie Small framfor Balestrand hotell.

Foto: Rainer Kleive / NRK

Full kalender - null tid

Ikkje berre skjedde det spontant, det skjedde òg utan at dei eigentleg hadde tid til det. Dette var nemleg artisten sin heftigaste sommar nokonsinne. Med 25 konsertar og drift av e-sportklubben deira 777 Esport. Oppi alt dette starta dei hotell, laga festival og toppa det heile med ein katt og ein hund.

Og alt dette med ganske lite erfaring med oppussing og snekring. Då er det enkelt å forstå at motivasjonen var heimlengsel. Kviknes er enormt glad i heimbygda si.

– Eg kjenner meg heime her. Eg er jo herifrå, eg diggar å vere her. Vi er nærme fjellet, nærme fjorden og vi er i naturen og ikkje midt i byen. Eg likar det, seier Per.

No håpar han at resten av landet skal bli like forelska i Balestrand som det han er. Samtidig er det mykje som står på spel for gjengen. Store lån blir tatt opp og dei satsar alt i ei fråflyttingstrua bygd.

Brødrene Kvikne pusser opp hotellet de kjøpt

Brørne Kvikne pussar opp hotellet i heimbygda Balestrand.

Foto: NRK / NRK

Hotell som leikeplass

Per og Teddy har sjølve vakse opp på hotell, kanskje eitt av dei mest ærverdige hotella i landet. Familien har drive Kviknes Hotel i Balestrand sidan 1877.

– Vi ha alltid vore stolte av hotellet og historia til familien vår. Samtidig har det tatt mykje av tida til våre foreldre, som har jobba mykje for å gi oss ein fin oppvekst. Sommarferie og hytte på fjellet er liksom ikkje noko vi er vane med, vi hadde alltid fine feriar når ingen andre var på ferie, seier Teddy.

– No når vi står i det sjølve så skjønar vi godt kvifor det tok mykje tid, og hotellet foreldra våre eig er ti gongar så stort. Eg har enda meir respekt for dei no enn før vi starta vårt eige hotell, seier Teddy avslutningsvis.

Eit annleis hotell

Trioen håpar at den yngre målgruppa skal velje hotellet deira, fordi dette blir eit heilt annleis hotell. Samtidig får dei glede av alt dei har lært av å vakse opp på eit populært hotell.

– Det skal vere ein festplass, men utan Ibiza-stemning. Ein plass med god mat og god drikke. Fyring og konsertar, seier Per.

Å starte eit hotell kostar. Ikkje berre kostar det pengar og tid, men det er ikkje lett å ha vener som tilsette og få ein stappfull kalender til å gå rundt. Samtidig.

Sjå «6899 til eg dør» i NRKTV frå 9. mai. I NRK TV og NRK1.