Denne gongen var det store showet flytta til Operahuset Nordfjord.
– Det var fantastisk å ønskje publikum, artistar og musikkbransje velkomen til stor fest i Operahuset.
Det seier Stian Sjursen Takle som er prosjektleiar i NRK Vestland. Saman med medarrangør Geir Holmen som er sjef for Operahuset Nordfjord.
Odd-Erik vart årets artist
Det vart delt ut prisar til årets artist, årets nykommar og ein eigen bakom-pris i løpet av showet. Rekordmange var med å røysta på sin favoritt i år. Totalt kom det inn nesten 27.00 røyster, mot nesten 6.000 røyster i fjor.
Odd-Erik Lothe frå Nordfjordeid vart årets artist, Teo frå Solund vart årets nykommar og Fred Reiersen vart kåra til årets bakomperson.
Teo frå Solund vart årets nykommar under Luttprisen 2022 frå Operahuset Nordfjord.
Foto: Øystein TorheimNye talent og erfarne artistar
På scena stod også ein stor bukett med artistar både frå Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Publikum fekk oppleve Gunn Kvaale, Finn Tokvam, Teo, Aleksander Raftevold, Olav Stedje, Iselin Solheim, Oh Blonde, Odd-Erik Lothe saman med Stardalen mannskor, Misery and Company, Sara Rose, Tim Voilhat, Anita Nordheim blues n’ Groove Company og Folk Flest.
Kjartan Lauritzen og Olav Stedje under Luttprisen 2022.
Foto: Jostein VedvikGode minner
Det er faktisk 17. gongen Luttprisen vert delt ut. Dei siste åra har utdelinga vore arrangert i Førde, men denne gongen vart det musikkfest i Nordfjord. Medarrangørar er Operahuset Nordfjord, Malakoff Rockfestival og OnCue.
– Det er kjekt å kunne vere med å vise fram nye musikalske talent og inspirere våre nye komande stjerner til å satse, seier Malakoff-festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.
– Vi har gjort så mykje flott her på Nordfjordeid opp gjennom åra, seier Sjursen Takle som trekker fram konserten med Kringkastingsorkestret i 2013 som eit høgdepunkt.
Programleiar frå Måløy
Programleiar for Luttprisen i år var Julianne Flølo frå Måløy. Ho er radioprogramleiar i NRK og sender lokale artistar på lufta kvar dag.
– Dette var stas! Det er viktig for oss å få fram nye artistar som vi kan spele i radioen, seier Flølo.
LES OG:
Prisutdeling med artistar som Kjartan Lauritzen, Alexander Pavelich, SJUR, Gunn Kvaale, Sigrid Felde, Teo, Jackbow, og Anna Naustdal på scena. Showet går direkte frå Sunnfjordsalen i Førde. Programleiar er Arianrhod Engebø.