Hopp til innhold

Lovar meir av den populære NRK-serien

Søndag 6.desember gjekk sesongens siste episode av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» på lufta. Men fortvil ikkje, det blir meir.

Arve Uglum ny programleiar for Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

PROGRAMLEIAR: Arve Uglum tok før denne sesongen over som programleiar i det populære programmet 'Der ingen skulle tru at nokon kunne bu'.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Den populære NRK-serien som Oddgeir Bruaset i si tid skapte, har denne sesongen stått fram i ny drakt. Arve Uglum tok over stafettpinnen som programleiar, og fekk med seg fotograf Torje Bjellaas på reisene land og strand rundt for å finne folk på stadar der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

Dei to seier det har vore ei lette å sjå kor godt programma har blitt motteke.

– Det var litt skummelt å overta noko som har vore så sterkt knytt til ein person, Oddgeir Bruaset. Vi tykte sjølve at vi hadde samla saman ein del historier som vi sjølve syns var godt fjernsyn, men vi visste ikkje om folk ville godta det.
Det har vore godt å sjå at folk har tolerert det, seier Arve Uglum.

Arve Uglum og Oddgeir Bruaset

ARVTAKAR: Arve Uglum tok over stafettpinnen etter Oddgeir Bruaset.

Foto: NRK

– Ein fascinasjon

Og dei seks nye episodane har fenga. På sosiale medium har det vore eit veldig engasjement. Programskaparane er ikkje i tvil om kva som får folk til å sitje klistra til skjermen.

– Eg trur det er ein fascinasjon over dei folka som lever på ein måte som kanskje fleire av oss drøymer litt om, seier fotograf Torje Bjellaas.

– Dette med at du føler at du er litt tilbake i tid nokre plassar, og der dei må klare seg slik ein gjorde før.

Opplevingar for livet

Torje Bjellaas og Arve Uglum

LAND OG STRAND RUNDT: Fotograf Torje Bjellaas og programleiar Arve Uglum har vore land og strand rundt i samband med opptaka til haustens sesong.

Duoen legg ikkje skjul på at det har vore ein stor, krevjande og vanskeleg jobb å snikre i hop programma. Samtidig har det gitt både dei og sjåarane opplevingar dei seint vil gløyme.

– Vi strekkjer oss så langt som vi kan, så krevjande er det alltid. Men mest av alt har det vore triveleg, seier Uglum og held fram:

– Vi har fått sjå mange stader som vi aldri hadde kome til elles, og vi har fått natur- og menneskeopplevingar som vi aldri hadde fått om vi ikkje hadde laga dette programmet.

– Det blir meir

Også dei som har vore med i programma har fått gode tilbakemeldingar.

– Alle har blitt kontakta av gamle kjende, og fått masse hyggelege helsingar. Dei har kanskje gøymt seg litt i verda, men no har dei fått vise seg fram.

Og om du frykta det skulle vere slutt med dette, tru om att. Det blir meir.

Vi byrjar opptaka rett over nyttår. Det tek tid å lage desse programma, så vi må berre kome i gang. Vi er veldig glade for at vi fekk vere med på dette, seier dei to.