Vilhelm Rumohr
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Skogens konge

FRØNNINGEN (NRK): «Bill.mrk.: Likar turar i skog og mark»

Slik sluttar mange kontaktannonsar, og for den single og barnlause godseigaren Vilhelm Rumohr stemmer det aldeles godt. Han er utan ein direkte arving i sikte, men han eig fleire tre enn nokon på Vestlandet.

– Ein føler seg ikkje åleine i verda, men som ein del av ein flott del av verda, seier Vilhelm Rumohr og ser ut over sitt 65.000 dekar store gods på sørsida av Sognefjorden.

Som 5.-generasjons godseigar i Rumohr-familien, tilhøyrer Vilhelm ei svært eksklusiv gruppe av nordmenn. Han kan ikkje kalle seg greve eller baron, men han er konge over ein eigedom tufta på rikdom og makt.

Vilhelm Rumohr godseigar Frønningen

HERSKAPELEG: Dei vakre stovene blir ikkje ofte brukt, men Vilhelm Ruhmor inviterer gjerne på selskap for vener og kjende.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

At dei andre 12 som bur på Frønningen er opptekne av kjærleikslivet til godseigaren har han forståing for. Det vil aldri bli heilt privat kven som ein gong i framtida skal overta godset, og helst vil folk at Vilhelm skal få ein livsarving.

– Dei får jo berre mase på, det er heilt greitt det. Eg forstår jo at dei er opptekne av det, det er jo naturleg det, seier Vilhelm og humrar.

– Det skjer neppe i dag, men det kan jo skje brått, slår han fast.

Flytta til storgodset

Hans Sørensen Lem (1714–1781) var den første slektningen til Vilhelm Rumohr som dreiv godset og faktisk budde på den veglause halvøya.

Saman med kona Sophie Christine skulle han sørge for ein rikdom som var få forunnt på den tida. Dei kom begge frå andre storslekter, Lem-familien kom opphaveleg frå Belgia til Norge.

Hans Sørensen Lem (1714-1781)

DEN FØRSTE: Hans Sørensen Lem (1714 – 1781) var den første godseigaren på Frønningen.

Dei britiske øyene og kontinentet hungra etter norsk tømmer, og langs heile kysten frå Halden til Trøndelag dukka det opp store sagbruk og gods, som gav arbeidsplassar og eksportinntekter. For adelen, halv-adelen og borgarskapet var dette ei storheitstid, også på Frønningen.

– Dette var veldig viktig reint økonomisk for Indre Sogn. Frønningen ligg slik til at det var lett for skipstrafikken. Store stablar med skurlast låg og venta på å bli skipa ut, seier lokalhistorikar Kåre Hovland.

Hovland, som har skrive mykje om det gamle godset som i dag ligg i Lærdal kommune, peikar på at tømmeret frå Sogn blei brukt til å byggje opp byar i Storbritannia og på kontinentet.

– Då Håkonshallen i Bergen blei restaurert på tidleg 50-talet, så brukte dei skog og skurlast frå Frønningen. Kvaliteten er ikkje god å finne andre stader, fortel Hovland.

Dyra skapar inntekta

Kronhjort hjort bukk frønningen

VAKKER INNTEKT: Den store hjortestamma på Frønningen skapar inntekt for godset.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

I dag står det majestetiske godseigarhuset frå år 1900 att som eit symbol på ei tid i norsk historie som for lengst er forbi. I våre dagar skapar ikkje vestlandsskogen rikdom og mange arbeidsplassar.

– Det var gode tider for trelast den gangen, og hovudferdselsåra ligg jo her. Det var jo meir tilgjengeleg her enn på det store Austlandet. Dette var sentrum, seier Wilhelm Rumohr og smiler.

Skogen som skapte rikdom og arbeidsplassar får stort sett stå i ro, det er ikkje lenger lønsamt med skogsdrift og sagbruk. Men den driftige godseigaren har funne annan inntekt.

Vilhelm Rumohr godseigar Frønningen

VAKTAR HJORTEN: Frå eit jakttårn i den store skogen har Vilhelm Rumohr oversikt.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Tusenvis av hjort flokkar seg i dei store skogane på halvøya i Sognefjorden, og kvar haust kjem ivrige menn, og nokre kvinner, til Frønningen og godset for å jakte. Det var ikkje lett å gje opp skogbruket, men Vilhelm Rumohr måtte gjere eit val.

– Jaktleiga subsidierte sagbruket ganske mykje. Då måtte eg ta ei avgjersle på at eg ikkje kunne drive sagbruket meir, fortel Vilhelm.

I dag er hjortejakta hovudinntekta for Frønningen-godset, og han er oppteken av å røkte den verdifulle hjortestamma.

– Eg prøver i alle fall, og det er nok same tankegangen som bonden brukar på sin buskap. Det er jo noko med at jegerane skal ha noko å skyte på når dei kjem att. Difor må ein vere ganske streng.

Vilhelm Rumohr godseigar Frønningen

VAKKERT: Godseigarhuset på Frønningen ligg som eit smykke ved Sognefjorden, og som eit minnne om ei tid då tømmeret skapte rikdom.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Eig framleis dei fleste husa

Det ligg fleire herskaplege gods langs Sognefjorden, og felles for dei er store skogområde som var lett tilgjengelege for skipsfart på den isfrie fjorden.

– I den aller eldste tida så var jo dette den til einkvar tid sitjande konge sine gods, og dei såg jo verdien i dette. Så blei jo kongane ofte blakke og måtte selje eigedomar til adelsfolk, fortel lokalhistorikar Kåre Hovland..

Adelsslekta Lem dreiv på Frønningen frå 1700-talet og fram til rundt 1870, då den inngifta Rumohr-slekta overtok. Det var onkelen til Vilhelm som dreiv godset, men han var barnlaus og arva gjekk etter kvart vidare til 19-åringen Vilhelm.

Sjølv den dag i dag er det godseigaren som eig dei aller fleste bygningane, også fleire titals bustadhus, på eigedomen. Dei andre som budde der var husmenn og arbeidarar, og underlagt godset på alle måtar.

– Det var nok ein viss ærefrykt blant vanlege folk når dei adelege kom inn i fjordane for å drive. Men det gav jo arbeid på sagbruka og i skogen, og det trur eg nok var populært, fortel Kåre Hovland.

Søndag møter du godseigar Vilhelm Ruhmor og dei andre innbyggjarane på Frønningen i den siste episoden av Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

Frønningen

I HJARTA AV FJORDEN: Halvøya Frønningen ligg delvis i det UNESCO-verna fjordsystemet i Sogn.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Hus og gods fylt med minner

På dei store godsa i Indre Sogn jobba det mange menneske med den verdifulle skogen. På veglause Frønningen var det på det meste om lag 100 innbyggjarar, og fleire store sager som skapte jobbar. I dag er det 13 innbyggjarar igjen, inkludert godseigaren og ein barnefamilie.

Sjølv bur han framleis aleine det store huset ved fjorden. Dei store og flotte stovene er fylt med minner frå ei tid som neppe kjem igjen, men huset vil for alltid stå som eit symbol på rikdom og makt.

Det er ikkje lenger tenestefolk som ryddar, vaskar og lagar mat i det store huset. Det må Vilhelm sjølv ta seg av.

– Eg saknar ikkje det. Men eg kan jo av og til sjå nytten av det er mange i eit slikt hus. Eg føler ikkje noko press, eg nyt huset sine kvalitetar, og liker å dele det med vener og kjende, slår godseigaren fast.

Så får han heller tole at alle stadig kjem med meir eller mindre alvorlege krav om at godseigaren må skaffa seg ein arving.

Seinast då ein av dei få naboane kunne invitere til dåpsfest i den gamle skulen tidlegare i år.

– Når skal du få ditt barn her på Frønningen då, Vilhelm? undra dåpsgjestene.

– Eg blir jo veldig inspirert no då, det er jo ikkje for seint.

Frønningen