Hopp til innhold

Lønsskilnadar kan vere kostnadsbombe for nye kommunar

VÅGSØY (NRK): Tal frå KS viser at det er store lønsskilnader i kommunane før samanslåingane. I nye Kinn kommune veit dei endå ikkje kor mykje ekstrakostnaden for lik løn vil vere.

Kinn kommune

KINN KOMMUNE: Frå 1. januar skal Flora og Vågsøy slå seg saman til Kinn kommune. Den nye kommunen er vedteke i Stortinget, men i juni skal det vere ei folkerøysting i Vågsøy etter at eit folkeopprør kravde at kommunestyret gjennomførte det.

Foto: Kart / NRK

– Det er jo litt underleg at dei ligg så høgt over, og eg stiller meg spørjande til korleis dei skal dekkje inn dette. Kvar skal dei hente midlane frå?, spør Torill Vederhus som er barnehageassistent i Vågsøy kommune.

Torill Vederhus

MOT SAMANSLÅING: Torill Vederhus skal stemme nei til Kinn kommune når innbyggarane i Vågsøy skal ha folkerøysting om den nye kommunen i juni.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Med ei årsløn på 390 000 kroner tener ho 5000 kroner mindre enn ein barnehageassistent i Flora kommune. Tal frå KS viser at forskjellen mellom dei to kommunane er på heile 38 500 kroner i snitt. Altså er forskjellane langt høgre i andre stillingar.

– Dette kjem til å koste for kommunen, det er mange tilsette det er snakk om, seier Vederhus.

Prosjektrådmann i Kinn, Terje Heggheim, har følgande forklaring på kvifor dei kommunalt tilsette i Flora tener meir enn i Vågsøy.

Terje Heggheim

VEIT IKKJE: Prosjektrådmann i Kinn kommune, Terje Heggheim, veit ikkje kva det vil koste Kinn kommune å jamne ut lønsskilnadane. Han vil ikkje legge seg opp i dei ulike reknestykka som blir presentert. - Eg kan ikkje gå god for dei tala, seier han.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Flora er del av ein større arbeidsmarknad. Kommunalt tilsette kan ta seg arbeid i til dømes Førde. I rekrutteringssamanheng kan vi ha kome i ein situasjon der vi har brukt løn som verkemiddel og difor ha eit høgre nivå enn andre, seier han.

Ulike reknestykke

Landets kommunar følgjer same hovudtariffavtala, men har i tillegg lokale lønsforhandlingar. Det seier avdelingsdirektør i KS, Hege Mygland. Tala deira viser at Kinn kommune må ut med 18 millionar kroner ekstra for å jamne ut forskjellane.

– Dette er ein av mange problemstillingar som jobbast med i det som skal bli nye kommunar, seier ho.

Hege Mygland

KJEND PROBLEMSTILLING: Avdelingsdirektør i KS, Hege Mygland, seier det er ei kjend problemstilling korleis ein skal jamne ut lønsskilnadane ved kommunesamanslåing.

Foto: KS

Ho trur det blir ein dyr og krevjande prosess dersom alle arbeidstakarar skal ha det beste av løn- og arbeidsvilkår frå kommunane som no slår seg saman.

Ein som no meiner vinninga går opp i spinninga med kommunesamanslåinga er varaordførar i Vågsøy kommune, Nils Myklebust. Eit reknestykke han har gjort ut ifrå snittløna i dei to kommunane, syner at kostnaden blir på 40 millionar kroner.

– Pengane som skulle gå til utvikling av kommunen kjem no til å gå med til å jamne ut forskjellane, seier Myklebust som er bekymra for kostnaden.

Ukjend prislapp

Terje Heggheim seier Kinn kommune skal gje lik løn for likt arbeid, men kva det vil koste meiner han er uråd å seie noko om.

– Fordi det er så mykje som må bli kartlagt med dette, seier Heggheim.

– Kritikarane vil jo seie at dette burde de ha kontroll på?

– Heilt klart. Men eg har undersøkt litt, og der er ingen kommunesamanslåingar i kongeriket i dag som har svaret på dette, svarer han.

Ein som ikkje slår seg til ro med det svaret er varaordføraren Myklebust.

– Dersom dei ikkje har oversikt over kor mykje dei betaler ut i løn og kor mange årsverk dei har, så må dei setje seg ned ved pulten og finne ut av det. Dette er heilt grunnleggande å vite, seier han.

Nils Myklebust

UROA: Varaordførar for Senterpartiet i Vågsøy kommune, Nils Myklebust, er uroa over kva prislappen blir for å jamne ut lønsskilnadane mellom dei tilsette i Flora og Vågsøy når dei alle blir tilsett i Kinn kommune.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK