Hopp til innhold

Slår alarm: Flytilbod for fleire hundre tusen innbyggjarar i fare

Nesten 180.000 innbyggjarar står i fare for å mista flytilbodet. No krev både lokale og sentrale politikarar at samferdsleministeren kjem på banen.

Fly på Stord lufthamn, Sørstokken. Klar for avgang til Oslo

KLAR FOR AVGANG: Eit nytt frå Danish Air Transport (DAT) er klar for turen til Oslo frå Stord. Men selskapet slit med å tena pengar på ruta, og har no varsla at dei kanskje vil leggja ned.

Foto: Olav Røli / NRK

Regionen Sunnhordland sør i Vestland med sine 60.000 innbyggjarar, og Haugalandet nord i Rogaland med over 110.000 innbyggjarar, kan snart stå utan flytilbod og flyplassar.

På Stord lufthamn Sørstokken har selskapet DAT signalisert at dei ikkje tener pengar på å fly til og frå Oslo, ifølgje Stord24.

På Haugesund lufthavn er dei økonomiske problema så store etter pandemien at den også går ei uviss framtid i møte. Haugesunds Avis skriv at dette kan gå kraftig utover arbeidsplassane i heile regionen.

Om desse to flyplassane vert lagt ned vil nærmaste flyplass vera Sola i Stavanger eller Flesland i Bergen.

Det er 75 kilometer mellom desse to flyplassane som no står i fare. Til saman bur det nesten 180.000 innbyggjarar på Haugalandet og i Sunnhordland.

– Me skal vera ein region som skal satsa på både batterifabrikk og havvind. Men om me ikkje har basisinfrastrukturen på plass, som flyplass, så er det ingen som vil etablera seg her, åtvarar stortingsrepresentant Terje Halleland (Frp).

Flyplassen på Stord er eigd av Vestland fylkeskommune og Stord kommune, medan flyplassen i Haugesund er eigd av Avinor, men utleigd til privat selskap.

I 2019 reiste 38.471 passasjerar over flyplassen på Stord. I Haugesund var passasjertalet 619.770 same år, syner tal frå SSB.

Stord lufthamn, Sørstokken.

Flyplassen på Stord ligg om lag 20 minutt i bil unna Leirvik.

Foto: Olav Røli / NRK

Krev svar frå regjeringa

Begge flyplassane slit med etterdønningane etter koronapandemien, som nærmast lamma flytrafikken over store deler av verda.

– Det vil vera dramatisk å mista flytilbodet på Stord, og endå verre om også Haugesund skal lida same lagnaden, seier stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H), som kjem frå Stord.

Ho har fleire gonger spurt samferdsleminister Jon-Ivar Nygaard (Ap) om å få Stord-Oslo som ein del av staten sine rutekjøp, så kalla FOT-ruter, som betyr at staten kjøper flytenester.

Dette meiner ho kunne ha sikra eit godt og føreseieleg tilbod, og fleire passasjerar. No meiner ho dårlegare rutetilbod har øydelagt passasjergrunnlaget.

– Offentlege flykjøp ville ha sikra dette på ein heilt anna måte, meiner ho.

Og legg til at dei tidlegare har vorte møtt med at flyplassen i Haugesund ligg så nærme.

– Men når me no ser at Haugesund også er trua, så hadde eg venta at dette vert teke tak i på ein heilt anna måte, meiner ho.

Haugesund lufthavn Karmøy

Haugesund lufthavn ligg på Karmøy, og opplever no store økonomiske problem.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Sikrar flytilbod nord i Vestland

Staten tek mellom anna rekninga for å sikra flytilbodet mellom Oslo og dei fire flyplassane i gamle Sogn og Fjordane. Dei har eit befolkningsgrunnlag på 110.000 personar. Desse fire flyplassane hadde i 2019 eit samla passasjertal på 398.890.

– Det vil vera sterkt beklageleg om me her sør i Vestland skal mista flytilbodet vårt, meiner Eskeland.

– Kan de ikkje bruka flyplassen i Bergen eller Stavanger?

– Rutetilbodet med båt og buss til og frå desse byane er på langt nær godt nok. Det vil vera svært krevjande for spesielt næringslivet om dette vart einaste alternativ, seier ho.

Stord-flyet tek av mot Oslo.

Det er flyselskapet DAT som flyg mellom Stord og Oslo. Dei har varsla at dårleg økonomi gjer at dei vurderer å avvikla rutetilbodet.

Foto: Olav Røli / NRK

SD: – Begge flyplassane viktig for distriktet

Statssekretær Johan Vasara (Ap) i Samferdsledepartementet seier dei er klar over situasjonen for begge flyplassane. Og han understrekar at begge er viktige for regionen.

– Når det gjeld flyplassen i Haugesund, så er han ein del av Avinor-systemet. Og i Hurdalsplattformen heiter det at flyplass-strukturen skal liggja fast, seier han.

Han meiner det først og fremst er Avinor og Lufhavndrift AS som må finna ei løysing på pengeproblema.

– Men skulle dei ikkje klara å finna fram til ei løysing, må departementet gjera ei ny vurdering saman med Avinor, seier han.

Stord Lufthamn Sørstokken

I 2019 reiste det om lag 40.000 passasjerar til og frå Stord lufthamn, Sørstokken.

Foto: Webkamera på Stord Lufthamn

For flyplassen på Stord har ikkje Vasara noko klar melding. Å inkludera Stord-Oslo i den offentlege flykjøpsordninga er førebels ikkje aktuelt.

– I løpet av hausten vil det komma ei transportfagleg utgreiing som vil sjå på kva ruter som er aktuelle å inkludera i den offentlege ordninga frå 2024, seier han.

Problem for næringslivet

Den største arbeidsgjevaren på Stord, Aker Solutions, som no har rekordstor aktivitet, fryktar også for konsekvensane. Til Stord24 seier kommunikasjonssjef Odd Naustdal at nedlegging på Stord og i Haugesund vil vera svært problematisk.

I avgangshallen på Stord lufthamn Sørstokken måndag denne veka treff NRK Jorge del Pino. Han er på veg til møte i Fagforbundet i Oslo.

– Dette er det nærmaste og enklaste alternativet. No kan eg køyra hit til flyplassen på 20 minutt, og vera kjapt i Oslo, fortel han.

Jorge del Pino. Stord SV

Jorge del Pino er hovudtillitsvalt for Fagforbundet på Stord sjukehus. Han nyttar ofte flyet mellom Stord og Oslo når han skal på møter i hovudstaden.

Foto: Olav Røli / NRK