Hopp til innhold

LO uroa for at utanlandske arbeidarar blir dårleg integrert i lokalsamfunna

LO i Sogn og Fjordane er uroa for at utanlandske arbeidarar ikkje lærer seg norsk og blir integrerte i lokalsamfunna. Distriktssekretær Nils P. Støyva seier på generelt grunnlag at næringslivet må gjere ein betre jobb med norskopplæringa.

Nils P. Støyva

VIKTIG: Distrikssekretær i LO Sogn og Fjordane, Nils P. Støyva seier det er viktig at bedriftene gjer norskopplæring til ein viktig del av arbeidsopplæringa.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Denne veka gjekk fleire utanlandske arbeidarar ut og kritiserte arbeidstilhøva ved Nordfjord Kjøtt i Loen. Ingen av desse kan norsk.

– Det er veldig viktig at bedriftene tek tak i dette med språkopplæring, og at det vert ein del av arbeidsopplæringa i desse bedriftene, seier distriktssekretær i LO, Nils P. Støyva.

Uroa over for lite norskopplæring

Over 10 prosent av innbyggarane her i fylket er av utanlandsk opphav. Mange av desse er arbeidsinnvandrarar frå Aust-Europa som kjem hit for å jobbe og tene pengar.

Men LO er uroa over at kommunar og næringsliv set for lite inn på å lære arbeidarane norsk.

Utan norskkunnskapar strevar utlendingane med å finne seg til rette på arbeidsplassane, og ein går glipp av at unge folk i etableringsfasen slår seg ned og buset seg i Sogn og Fjordane.

– Eg kjenner til at til dømes ein del utkantbygder i fylket vårt har fått stor tilflytting av folk med utanlandsk opphav og arbeidsinnvandrarar. Det har komme lys i hus som har vore mørke i mange år, seier Støyva.

Krev noko frå både kommunar og bedrifter

Han meiner lokalsamfunna og kommunane rundt om har stor nytte av arbeidsinnvandring.

– Men det krev også noko frå kommunane og bedriftene. Mellom anna både språkopplæring, opplæring i norske tilhøve og spesielt det som har med integrering å gjere, seier Støyva.

Støyva meiner næringslivet burde gjort meir for å lære arbeidarane norsk.

– Språket er ein veldig viktig del for å kunne utføre ein god jobb og integrere seg i lokalsamfunnet, seier Støyva.

Denne gjekk fire slovakiske arbeidarar ut i NRK og kritiserte arbeidstilhøva ved Nordfjord Kjøtt i Loen.

Alojz Stefka mista fingeren ved Nordfjord Kjøtt

MISTA FINGEREN: Alojz Stefka mista fingeren etter å ha jobba med ei defekt og farleg maskin.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Felles for dei alle er at ingen kunne norsk. Nordfjord Kjøtt seier påstandane frå arbeidarane om høgt arbeidstempo og press ikkje stemmer.

Ventar at næringslivet held seg til lovar og reglar

Verksemda er meldt til politiet av Arbeidstilsynet for å ha brote arbeidsmiljølova då ein arbeidar vart sett til å jobbe med ei defekt og farleg maskin, men saka vil ikkje verksemda kommentere.

LO seier på generelt grunnlag at dei forventar at næringslivet held seg til lovar og reglar.

– Det er viktig at bedriftene følgjer opp arbeidsmiljølova og tryggleikskrav, seier Støyva.

– Vert du uroa når du høyrer om slike episodar?

– Eg vert alltid uroa når slike ting dukkar opp. Eg har ikkje konkret innsikt i sakene, men det som går på arbeidsmiljø og sosial dumping er noko som er viktig for LO, og noko vi jobbar sterkt med, seier Støyva.

Vil tilby norskopplæring

Nordfjord Kjøtt i Loen har fleire hundre arbeidarar, svært mange frå Slovakia. Arbeidarar NRK har snakka med seier mange av dei tilsette ikkje kan norsk.

Men no opplyser Nordfjord Kjøtt til NRK at dei framover vil tilby norskopplæring gjennom Folkeuniversitetet.

Opplæringa skal starte ved nyttår, over 70 tilsette har så langt meldt seg på. Dei siste åra har ikkje verksemda tilbydd norskopplæring, anna enn at tilsette frivillig har kunne melde seg til Stryn kommune si norskundervisning.

Støyva trur at om fleire arbeidarar lærte seg norsk kan ein unngå konfliktar på

Geir Egil Roksvåg

OPPLÆRING: Nordfjord Kjøtt opplyser at dei vil tilby norskopplæring gjennom Folkeuniversitetet frå nyttår. Her administrerande direktør i Nordfjord Kjøtt, Geir Egil Roksvåg.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

arbeidsplassen, og meiner mange bedrifter har mykje å hente på å lære tilsette norsk.

– Språket er heilt avgjerande for å kunne gjere ein god jobb i dei ulike bedriftene. Kan du ikkje språket, har du ei stor utfordring på arbeidsplassen, seier Støyva.

Mange bedrifter gjer mykje

– Det vert gjort mykje, men det kan alltid bli betre, seier rådgjevar i NHO Sogn og Fjordane, Marit Gjerstad.

Ho seier på generelt grunnlag at mange store verksemder gjer mykje alt i dag, samstundes vil NHO sette i gang nye prosjekt framover.

– Språk er viktig, det er vi heilt samde i. Det er fleire bedrifter som tilbyr kurs til sine tilsette gjennom eksterne kurstilbydarar. Nokon bedrifter har også tilsett eigen norsklærar. Så på generelt grunnlag kan ein seie at det vert gjort mykje i mange bedrifter, seier Gjerstad.