Hopp til innhold

Rema 1000 vil granske Nordfjord Kjøtt

Rema 1000 ser alvorleg på at Nordfjord Kjøtt er politimeld for fleire brot på Arbeidsmiljølova. – Det som har skjedd er uakseptabelt, seier kommunikasjonssjefen i Rema 1000.

Rema 1000 vil granske Nordfjord Kjøtt etter at bedrifta er meld til politiet for fleire brot på Arbeidsmiljølova.

REMA 1000 VIL GRANSKE NORDFJORD KJØTT: - Det som har skjedd er ikkje akseptabelt, meiner bedrifta.

– Vi ser svært alvorleg på alle desse hendingane. I tillegg til Arbeidstilsynet sin gjennomgang har vi kravd ein ekstern gjennomgang av heile HMS og Arbeidsmiljøet.

Mette Fossum Beyer

STARTAR EIGA GRANSKING: Kommunikasjonssjef Mette Fossum Beyer seier Rema 1000 vil gjere si eiga gransking av Nordfjord Kjøtt.

Foto: Rema 1000

Kommunikasjonssjef Mette Fossum Beyer i Rema 1000 er uroa over at Nordfjord Kjøtt er meld til politiet av Arbeidstilsynet for fleire brot på arbeidsmiljølova.

Mista fingeren i maskin

Fleire utanlandske arbeidarar ved slakteriet har fortalt at arbeidstilhøva er for dårlege. Marek Veis fekk huda på handa etsa vekk av syre på grunn av dårleg verneutstyr.

Alojz Stefka mista fingeren ved Nordfjord Kjøtt

MISTA FINGEREN: Alojz Stefka mista fingeren etter å ha jobba med ei defekt og farleg maskin.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ein annan arbeidar ved Nordfjord Kjøtt har fortalt at han vart pressa til å skrive si eiga oppseiing. Alojz Stefka mista fingeren etter å ha blitt sett til å jobbe med ei farleg og defekt maskin.

Einaste leverandør til Rema 1000

Rema 1000 er den einaste kunden til Nordfjord Kjøtt. Det tette samarbeidet mellom selskapa har bore frukter. Nordfjord Kjøtt leverer alt også av Rema 1000 sine eigne merkevarer i kjøtdiskane og påleggshyllene.

Mista fingeren på Nordfjord Kjøtt

REMA 1000 VIL HA GRANSKING: Rema 1000 ha gransking av Nordfjord Kjøtt etter at bedrifta er meld til politiet for brot på arbeidsmiljølova. Ein arbeidar mista fingeren på ei defekt maskin.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Mette Fossum Beyer vil ikkje seie om det er arbeidarane eller bedriftseigarane ho trur mest på, men seier saka er alvorleg for Nordfjord Kjøtt.

– Vi ser jo med sjølvsyn at det er skader som er påført, og det synest vi er forferdeleg for arbeidarane. Det som har skjedd er uakseptabelt.

– Vi er opptekne av at våre samarbeidspartnarar følgjer norsk lov og dei krav og retningslinjer norsk lovverk krev, seier Beyer.

– Nordfjord Kjøtt har godt arbeidsmiljø

Nordfjord Kjøtt vil ikkje kommentere politimeldinga frå Arbeidstilsynet fordi det er ei sak under etterforsking, men administrerande direktør Geir Egil Roksvåg viser til tidlegare HMS-undersøkingar, og seier dei har eit godt arbeidsmiljø, og at dei tek HMS-arbeidet på alvor.

Geir Egil Roksvåg

SEL BERRE TIL REMA 1000: Administrerande direktør i Nordfjord Kjøtt sel alle varene sine til Rema 1000.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Eg synest det er svært beklageleg at folk går ut og er så negative. Vi ser svært alvorleg på det, og vi vil ettergå våre eigne rutinar så langt vi kan. No er det i 2013 og 2014 laga ein arbeidsmiljørapport og den viser at folk trivst, at folk jobbar i eit godt miljø og har det godt, seier Roksvåg.

– Rema 1000 pressar ikkje pris

I fjor omsette Nordfjord Kjøtt for over 2 milliardar kroner, eigarane hadde eit overskot på 200 millionar, verksemda har vakse til nær 400 tilsette, svært mange av dei tilsette er frå utlandet. Veksten kjem fordi Rema 1000 satsar meir og meir på varene til Nordfjord Kjøtt, som ofte er billegare i butikkane enn konkurrentane.

– Vi har hatt eit langt og godt samarbeid med Nordfjord Kjøtt gjennom mange år og for oss er langsiktigheit viktig. Ikkje den kortsiktige gevinsten i det ein kanskje meiner kan vere å presse samarbeidspartnarar på pris. Det gjer vi ikkje. Vi betaler verdien av vara, uansett kva pris vara vert seld for, seier Fossum Beyer.

– No dreier dette seg om påståtte uregelmessigheiter ved arbeidsforhold og det skal vi gå grundig inn i. Dette tar vi på største alvor.