Hopp til innhold

Faren var døyande – no står sonen utan arbeid

Faren til Jan Duracka skulle døy. Då Nordfjord Kjøtt ikkje ville gje han fri i tide til å rekke faren sin bortgang reiste han likevel, no står han utan jobb.

Jan Duracka

MISTA FAREN: Jan Duracka ville heim for å vere med familien då faren var døyande. Då han ikkje fekk løyve reiste han likevel, no er han utan jobb.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Eg fekk beskjed om å ikkje kome tilbake om eg reiste, men eg reiste likevel tilbake til Slovakia

Jan Duracka

Sjølv hevdar han å ha blitt pressa til å skrive si eiga oppseiing, no er han NAV-klient i Stryn.

– Eg kom personleg på kontoret for å be om fri utan løn, og ta ut mest mogleg ferie. Pappa var sjuk i Slovakia og eg ville vere der med familien min. Eg spurte om fri både munnleg og skriftleg, seier han.

Duracka spurte om fri frå og med veke 14 til og med veke 18. Totalt fem veker. Men Nordfjord Kjøtt ville berre sleppe han dei siste to vekene. Dei meinte at dei trengde han i produksjonen, det var mykje å gjere. Duracka frykta på si side at han ikkje ville rekke faren sin bortgang om han vart verande i Loen.

– Eg fekk beskjed om å ikkje kome tilbake om eg reiste, men eg reiste likevel tilbake til Slovakia. Etter ti dagar der døydde pappa, fortel han.

Geir Egil Roksvåg

BESØK: I haust viste Geir Egil Roksvåg fram anlegget til landbruksministeren, og ei rekkje andre framståande politikarar.

Foto: NRK

Måtte skrive oppseiinga si

Duracka kom tilbake i veke 19. Men arbeidstilhøvet skulle raskt få sin ende.

– Eg fekk beskjed om å skrive oppseiinga mi. Eg sende alle papir for å dokumentere kva som hadde skjedd i Slovakia for at Nordfjord Kjøtt skulle forstå situasjonen, men det var til inga nytte. Om eg ikkje skreiv mi eiga oppseiing skulle eg få dårleg referanse og problem med andre. Eg følte meg tvungen til å seie opp 15. mai i år. No går eg på NAV.

Vi føl retningslinene i arbeidslivet som er i Norge, og det vil vi forholde oss til.

Geir Egil Roksvåg

– Trass alt er det alvorleg å reise frå arbeidsplassen utan løyve, korleis vurderte du det?

– Det er jo både rett og gale. Det var ei 50–50 vurdering. Dei har rett i at det er feil å reise utan løyve, men det hadde også vore feil av meg å bli verande i Norge i den situasjonen som var. Til slutt måtte eg berre gjere det eg følte var rett der og då, og det var å reise tilbake til Slovakia, seier Duracka.

– Vi følgjer reglane i arbeidslivet

Geir Egil Roksvåg

- INGEN KOMMENTAR: Geir Egil Roksvåg vil ikkje kommentere saka, men seier dei følgjer reglane i arbeidslivet.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Administrerande direktør Geir Egil Roksvåg i Nordfjord Kjøtt vil ikkje kommentere enkeltsaker.

– Dette vil eg ikkje kommentere. Vi følgjer retningslinene i arbeidslivet som er i Norge, og det vil vi forholde oss til.

NRK har fått stadfesta frå kjelder som sit tett på saka at Duracka si historie slik den her kjem fram stemmer. Nordfjord Kjøtt har meint at det å vere vekke frå jobb så lenge er ut over kva som er rimeleg å forventa av ein arbeidsgjevar.

Det har blitt hevda at han sjølv har valt å seie opp si stilling på grunn av familiære tilhøve, men Duracka bur framleis i Stryn.