Hopp til innhold

Line (27) trente så hardt at ho vart beinskjør

Unge idrettsutøvarar lir av beinskjørheit, og har «beinmasse som 70-åringar».

Line Søraa, bikinifitness

HARD TRENING: Line Søraa køyrde kroppen hardt over lang tid for å kunne konkurrere i Bikini Fitness. Biletet til høgre er tatt to år før ho stod på scena.

Foto: Privat

– Eg trudde eg var altfor ung til å bli beinskjør, seier Line Søraa frå Måløy.

Som 22-åring starta ho med bikinifitness. Livet dreidde seg om strenge diettar, hard trening og store vektendringar.

Etter eit brot i ryggen vart ho kalla inn for å måle beintettleiken.

Ho venta at alt var i orden, men det var det ikkje.

I staden fekk ho vite at ho var beinskjør.

– Det var eit slag i trynet å få den diagnosen.

Årsaka var fleire år utan menstruasjon, lågt østrogen, vektoppgang og vektnedgang.

– Når eg ser på bileta no, er eg stolt over det eg fekk til. Samtidig ser eg at eg har køyrd kroppen min utruleg hardt, seier Line.

Ho deler diagnosen osteoporose (beinskjørheit) med om lag 300.000 nordmenn.

– Eg skulle ønske eg vart informert om at dette kunne vere ein av biverknadane av å pushe seg så hardt, seier Line.

Kvar tredje kvinne og kvar femte mann i Noreg utviklar beinskjørheit i løpet av livet.

Saka er også omtalt i Fjordenes Tidende.

Line Søraa
Foto: Line Søraa

Tonje (21) sette livet på vent for fem minutt på scena

Strengt regime

– Unge som trenar mykje og får i seg for lite energi er ekstra utsett for å miste viktig beinmasse, seier Kristin Lundanes Jonvik.

Ho er klinisk ernæringsfysiolog i Sunn Idrett, som ligg inn under Noregs idrettsforbund.

På fagspråket blir tilstanden kalla RED-S, og står for «relative energy deficiency in sport».

Konsekvensen er svekka beinhelse og trøyttleiksbrot.

– Det viktigste grunnlaget for å danne et sterkt skjelett for resten av livet skjer frem til vi er rundt 25 år, fortel Jonvik.

Jonvik minner om at det ikkje berre er eit problem som rammar jenter.

Line Søraa
Line Søraa
Line Søraa

– Gud så deilig, eg har ikkje mensen

– I nokre miljø er det å ha regelmessig menstruasjon det same som ikkje å trene nok. Dette er ein helt forskrudd oppfatning av kva som er riktig, skriv Jorunn Sundgot-Borgen.

Ho er professor ved seksjon for idrettsmedisinske fag ved Noregs idrettshøgskole, og legg til:

– Det finst unge kvinner med beinmasse som ein 70-åring fordi dei har ubalanse mellom energi, næringsinntak og treningsmengde.

Saman med professor i idrettsvitskap, Monica Klungland Torstveit, har ho kartlagt førekomsten av eteforstyrringar og beinskjørheit blant 900 kvinnelege landslagsutøvarar i alderen 13–39.

– Veldig mange utøvarar seier «gud så deilig, eg har ikkje mensen, eg trenger ikkje mensen». Men det er heilt forferdeleg, sa Torstveit, då dei la fram rapporten.

Kristin Lundanes Jonvik

EKSTRA UTSETT: – Unge som trenar mykje og får i seg for lite energi er ekstra utsett for å miste viktig beinmasse, seier Kristin Lundanes Jonvik.

Foto: Kristin Lundanes Jonvik

– Sjølv om beinskjørheit er ein sjeldan tilstand hos vaksne, er det fleire faktorar som kan gje unge dårlegare beinhelse, seier overlege i Helse Førde, Anja Myhre Hjelle.

Ho nemner undervekt, raskt og stort vekttap og for lav feittprosent som slike faktorar.

– Eit variert kosthald med nok protein, frukt, grønt, meieriprodukt og D-vitamin er viktig, seier Myhre Hjelle.

La om livsstilen

Ein beskjed frå gynekologen motiverte Line til å kutte ut den harde treninga og legge om kosthaldet.

– Ein gynekolog fortalde meg at eg kunne få vanskar med å bli gravid om eg ikkje fekk tilbake min normale syklus.

Då bestemde ho seg for å gjere det ho kunne for å få tilbake menstruasjonen. Ho trappa ned treninga, fekk i seg nok mat og lytta til kroppen.

– Eg fekk beskjed om at eg måtte legge på meg ti kilo, minst.

Beinskjørheita er noko eg må leve med heile livet.

Line Søraa

Seks månader seinare fekk ho menstruasjonen tilbake.

Skal ho bli gravid i framtida, må ho ha ekstra oppfølging.

For beinskjørheita er noko ho må leve med resten av livet. Sjølv om det ikkje plagar henne i kvardagen, må ho ta ekstra omsyn.

– Eg må alltid passe på å ikkje overbelaste kroppen på trening og prøve å halde vekta så stabil som mogleg.

Line Søraa
Foto: Line Søraa