Hopp til innhold

Skadekrise i Start: – Det må bli forandringar

Lista over Start-spelarar som er skadde er no tosifra. Klubbens lege seier grasmatta på heimebanen til laget er farleg å spele på.

Bjarni Mark Antonsson Duffield

Midtbanespiller på Start Bjarni Mark Antonsson trenar seg opp etter å ha skadd kneet.

Foto: Leif Dalen / NRK

– Det er ei tøff belastning å komme på den banen kvar dag. Etter trening er du sår i dei fleste ledd og over tid vil det merkast, seier Start-spelar Henrik Robstad, som nyleg vart skadd.

Akkurat no er det krise i fotballklubben, for omtrent halvparten av spelarstallen har ein eller annan skade.

Fleire av dei meiner fellesnemnaren er underlaget på Sparebanken Sør Arena i Kristiansand.

– Vi må fjerne det og byte kunstgraset, seier midtbanespelar Bjarni Mark Antonsson Duffield, som også er skadd.

Han beskriv underlaget som for hardt.

– Det er nesten som å springe på gata med fotballsko.

– Det er ein katastrofe. Alt er gale og det må bli forandringar her, seier hans skadde kollega og kaptein Vito Wormgoor.

Henrik Robstad og Vito Wormgaard IK Start

Midtbanespiller på IK Start Henrik Robstad og forsvarsspelar og kaptein Vito Wormgaar er begge to ute med skade.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

– Avgjerande å byte banen

Underlaget på Sør Arena har vore debattert ei god stund.

Spelarar og trenarar har tidlegare uttrykt frustrasjonen sin, og for nokre veker sidan flytta dei treningane til Vennesla, cirka to mil unna.

No roper også Start-lege og tidlegare landslagsmålvakt Espen Johnsen varsko om banen.

– Banen er altfor dårleg. Det er det ingen tvil om, seier han.

Start-lege og tidligere landslagskeeper Espen Johnsen.

Klubblege Espen Johnsen er ikkje i tvil om at grasmatta på Sør Arena har mykje av skulda for mange av skadane til Start-spelarane.

Foto: Leif Dalen / NRK

Kor viktig er det at han blir bytt no?

– Viss Start skal kunne unngå vidare skadar og klare å halde seg i Obos-ligaen og ikkje missa masse folk, er det heilt avgjerande.

– På kva måte ser du at skadar har med banen å gjere?

– Det er belastningsskadar over tid. Det er umogleg å gjere ein studie på dette, men banen er svært dårleg. Eg har prøvd han sjølv og han er knallhard. Den er farleg for fotballspelarar, seier Johnsen.

Banen vart testa

Førre veke vart banen testa av Norges Fotballforbund.

Dagleg leiar i klubben Terje Marcussen, fortel at han har fått signal om at banen skal vere innanfor rammene for ein arena på toppnivå.

Han seier dei no vurderer å teste han på nytt med eit anna firma.

– Vi vil teste på nytt for å sjå om dei to ulike firmaa samsvarer. Så må vi konkludere etter det, seier han.

Om konklusjonen blir at banen er for dårleg, vil klubben sjå på moglegheiter for å byte matta.

Ifølgje Marcussen har ikkje klubben åleine råd til det.

Han seier at det er klubben som eig banen juridisk sett, men at han har hatt støtte frå Kristiansand kommune.

– Dette blir ein diskusjon med kommunen og leverandør, seier Marcussen.

Terje Marcussen, gressmatte Sør Arena

Daglig leier i IK Start Terje Marcussen, seier klubben åleine ikkje har råd til å byte grasmatta på Sør Arena.

Foto: Leif Dalen / NRK

Ønskjer nytt gras

Marcussen fortel at leverandøren er klar på at dette er ein god bane, men når det ikkje blir sånn oppfatta av spelarar og trenarar, må det agerast.

– Jobben min er å prøve å vareta spelarane og alle dei tilsette som trenar her kvar einaste dag.

Ifølgje utløpsdato på kunstgraset, skulle det vore brukeleg i åtte år. Det som ligg der no har berre vore spelt på i fire sesongar.

Forsvarsspelar Henrik Robstad ønskjer å sjå graset bytt ut.

Det er ikkje billig å byte, men det er ikkje billig å ha ti skadde spelarar heller akkurat.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %