Hopp til innhold

Mikkel kan moka hyttetak døgnet rundt om han vil

Telefonane til Mikkel Frodahl og Steffen Olsen gløder av folk som treng hjelp til å moka hyttetaka sine. Men å droppa det kan bli kostbart, åtvarar forsikringsselskapa.

TRENG MOKING: Store snømengder gjer det nødvendig å moka mange hyttetak i Sogndal.

– Det er enorme mengder, så det er litt tungt. Det er nokre timar att her, seier Mikkel Frodahl i Sogn Hytteservice, og ser på hyttetaket dei er i gang med å moka i Sogndal.

Dei tok seg kanskje snø over hovudet, dei to kompisane som starta med moking av hyttetak som ein bijobb ved sidan av dei vanlege jobbane sine for to år sidan.

For slik årets vinter har blitt i store delar av landet, er det mange hyttetak som treng å bli moka for ikkje å stå i fare for å kollapsa.

– Det er mellom to og ein halv og tre meter snø i nokre område, seier Frodahl.

– Me må seia nei til mange som ringer om hjelp, seier Olsen.

Steffen Olsen (t.v.) og Mikkel Frodahl

KUNNE FYLT DAGANE MED SNØMOKING: Steffen Olsen (til venstre) og Mikkel Frodahl i Sogn Hytteservice kunne «jobba nokre hundre prosent begge to» med å moka hyttetak, ifølgje Frodahl.

Foto: Nikolai Akse Helgås / NRK

Det var Sogn Avis som først skreiv om det vesle firmaet.

– Hytteeigar sitt ansvar

Er ikkje hytta dimensjonert for snømengdene, så kan du slita med å opna dører og vindauge, og du får sig i hytta som er vanskeleg å gjera noko med seinare. Det kan få katastrofale konsekvensar for hytta seinare, seier Frodahl.

Snøkartet frå NVE talar si klare sak: I store delar av landet er det meir snø enn normalt. I nokre område er det opp mot langt over dobbelt så mykje som normalt.

Snøkart frå senorge.no 13.februar 2022

MYKJE SNØ: Blått er meir snø enn vanleg.

Grafikk: senorge.no

– Det er hytteeigarane sitt ansvar å sikra hytta, det inkluderer også å førebygga at tak eller konstruksjon blir skada på grunn av snø, seier Torbjørn Brandeggen i Tryg forsikring.

Ekstra viktig å få vekk snøen blir det når vêret blir mildare.

– Vekta av tørr snø på taket firedoblar seg når den blir våt, fortel han.

– No er det nok

Berre i januar vart det meldt om nedbørsrekord mange stadar. Den siste tida har det vore oransje farenivå for snøskred i store delar av Vestlandet, og Troms og Finnmark. I tillegg hadde januar rekordmange farevarsel.

Brandeggen fortel at det også er viktig å moka jamt over heile taket.

– Ikkje mok berre éi side av huset først. Det gir skeivbelastningar, og er meir kritisk enn ein jamnare fordelt belastning, seier han.

I Sogndalsdalen fortel dei to snømokarane at dei har langt meir arbeid enn dei klarer å nå over sjølv.

No er det ope for kven som helst å grava tak, for det er så sinnssjuk stor etterspurnad i regionen her at det er plass til alle som vil ta fram spaden sin, seier Frodahl.

– Men no er det nok snø, avsluttar Olsen.

Mikkel Frodahl måkar snø i Sogndalsdalen

NOKRE TIMAR ATT: ... før Frodahl og Olsen er ferdige med denne hytta i Sogndalsdalen.

Foto: Nikolai Akse Helgås / NRK