Hopp til innhold

32 nedbørsrekordar

Januar kjem til å gå inn i historiebøkene som ein rekordmånad. Meteorologisk institutt har registrert heile 32 rekordar for nedbør pr. døgn.

Gyda-130122-Batnfjorden003

HIT MEN IKKJE LENGER: Fleire opplevde stengde vegar i samband med «ekstremvêret Gyda»

Foto: Tore Lyngvær / NRK

Ikkje alle rekordar er like ettertrakta. I skiløypene på Langeland Ski -og Fritidssenter i Sunnfjord skulle dei gjerne sett at meir av nedbøren kom som snø.

– Dette er det eg vil kalle ein jojo-vinter. Den eine dagen snøar det, den neste regnar det igjen, seier Thomas Haugsbø som er løypeansvarleg.

No er det fire å sidan sist dei har hatt det han definerer som ein god vinter. Det vil seie at snøen ligg frå jul til påske.

– Det får vi ikkje i år, det er heilt sikkert.

Eit oversyn for dei siste 25 åra syner at det i perioden har vore fleire dårlege vintrar enn gode.

– Vi må prøve å gjere det beste ut av det. Vi må lage løypene våre slik at folk kan bruke dei gjennom heile året, enten på ski eller sko, og helst utan at dei vert for våte på beina.

32 nedbørsrekordar

Januar har vore ein månad prega av mykje vêr, seier klimaforskar Hanne Heiberg. Det eine uvêret har avløyst det andre, og landet fekk også vitjing av ekstremvêret Gyda.

– Og mange av vêrrekordane knyter seg nettopp til Gyda.

Det er sett 32 rekordar for høgaste nedbør i døgnet, dei fleste i Trøndelag. Der kom det 18 nedbørsrekordar.

Skjåk i Gudbrandsdalen er ein stad som peiker seg ut med ein spesiell rekord.

52 millimeter nedbør høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men Skjåk er eit av dei tørrast områda i Noreg, seier Heiberg.

Elva Anga, Førde

FLAUM: Elva Anga i Sunnfjord går over sine breidder.

Foto: Steinar Lote / NRK

28 varmerekordar

Starten på 2022 har også vore prega av høge temperaturar. 28 stasjonar har sett rekord, og fleirtalet av stadane har målt over ti grader.

Det er sett varmerekordar i to bølger, i midten av månaden i Sør-Noreg, medan vi i nord fekk fleire rundt 24. januar. I begge tilfella er det fønvind som er forklaringa. Sterk vind over eit fjell kan gi svært høge temperaturar på lesida, seier klimaforskar Jostein Mamen.

I Alta vart det målt heile 12,2 grader 24. januar, og det er første gang det er målt så høg temperatur i januar i Finnmark. Den gamle rekorden var på 9,9 grader, og vart registrert på Alta lufthavn i 1992.

Oslo tangerte fylkesrekorden frå 1898 med 12,5 grader på Hovin stasjon 14. januar.

Naustdal i Sunnfjord

SKADAR: Her ryddar dei etter uvêr i Naustdal i Sunnfjord kommune.

Foto: Raymond Lidal / NRK

28 varmerekordar og 32 nedbørsrekordar er uvanleg mykje, meiner klimaforskar Hanne Heiberg.

Ja, det vil eg seie. No er det litt typisk at det er mange fleire varmerekordar enn kulderekordar. Der har vi jo eit klima som stadig blir varmare. Men så mange varmerekordar og nedbørsrekordar på ein gong er uvanleg mange.

Vestland har sett tre nedbørsrekordar.

Der har det òg vore mykje vêr.

Ein av rekordane vart sett på Nordfjordeid som fekk 110 mm på eit døgn. Det skjedde då Gyda var på vitjing 12. og 13. januar. Den førre rekorden var frå 1972 og var på 99 mm

1. februar kjem den fullstendige oversikta over januar månad.