Hopp til innhold

Kraftige reaksjonar etter at lakse­gigant saksøker staten: – Frekkheitas nådegåve

Laksegiganten Mowi gir seg ikkje i lakseskattstriden. Dei meiner skatten ikkje er rettferdig. Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) meiner skatten er på sin plass.

Mowi oppdrettslaks

Då skatten blei justert ned til 25 prosent i mai i år, steig Mowi 6 prosent og Salmar 8 prosent på børsen.

Foto: Mowi / NPK

– Frådraget gjer at grunnrentemodellen ikkje er nøytral lenger. Dei små blir favorisert over dei store, seier Mowi-sjef Ivan Vindheim.

No går eit av verdas største sjømatselskap til søksmål mot staten på grunn av botnfrådraget i modellen. Dei meiner verken Mowi eller storsamfunnet er tent med frådraget slik det er no.

– Det er urettferdig for våre tilsette, for våre eigarar og for oss som bur langs Kyst-Noreg. Me ønskjer ein grunnrentemodell som legg til rette for vidare investering i næringa.

Ivan Vindheim

Mowi-sjef Ivan Vindheim vil gå til sak mot staten.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

Det var E24 som melde om søksmålet først.

Mowi vil gå til sak via Oslo tingrett og eventuelt vidare til EFTA-domstolen.

Meiner ordninga diskriminerer

Vindheim seier regjeringa har vore tydlege på at det er dei fem store lakseselskapa dei vil ramma.

Han meiner det er i strid med EØS-reglane at dei minste selskapa skal sleppa å betala skatt, og viser til konkurransereglane i EØS-avtalen.

Stortinget vedtok i mai å innføra grunnrenteskatt på havbruk med 25 prosent med verknad frå 1. januar 2023. Opphaveleg var forslaget frå regjeringa ein skatt på 40 prosent.

– No har regjeringa innført ei ordning som er diskriminerande, seier Vindheim.

Dette skjer same dag som selskapet legg fram rekordtal.

Mowi hadde inntekter på rundt 15 milliardar i andre kvartal, og foreslår eit kvartalsvis utbyte på totalt 1,03 milliardar kroner.

Finansministeren heilt ueinig

– Me har meint at det er rett at dei som har store inntekter langs kysten, skal betala meir tilbake til lokalsamfunna langs kysten og fellesskapet. Det har Mowi vore mot heile tida, seier Vedum.

Han avviser at enkelte selskap blir diskriminerte og peikar på at «alle får eit botnfrådrag på 70 millionar kroner» som då «ikkje er grunnrenteskatt».

Trygve Slagsvold Vedum har på seg en lyseblå skjorte. Han ser alvorlig ut.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) peiker på at selskapet Mowi har milliardinntekter. Då er det rett at dei skal betale meir tilbake, meiner han.

Foto: Malin Nygård Solberg / NRK

– Har du eit kjempestort overskot slik som Mowi, blir det grunnrenteskatt på det som er over 70 millionar kroner. Og det er likt for alle, seier han.

– Mowi meiner lakseskatten har vore ein kamp mot dei fem store selskapa i bransjen. Kva tenkjer du om det?

– Det har vore ein kamp for at dersom du har store inntekter på å bruka fellesareal, så skal du betala tilbake til fellesskapet, svarar Vedum.

– Litt overraska

Førebels er det ingen andre av sjømatselskapa NRK har vore i kontakt med som vil vera med på eit søksmål.

– Næringa består av ein symbiose av store, mellomstore og små selskap. Eg forstår at ein ønskjer like rammer, seier Arne Møgster i Austevoll Seafood.

arne møgster

Arne Møgster er konsernsjef i Austevoll Seafood.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Dei er ein del av Lerøy Seafood. Konsernleiar Henning Beltestad seier han blei litt overraska då han høyrde om søksmålet.

– Eit søksmål får me ta stilling til seinare.

Henning beltestad

Henning Beltestad i Lerøy Seafood.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Grieg Seafood opplyser til NRK at dei førebels ikkje har hatt søksmål på agendaen.

Raudt: – Frekkheitas nådegåve

Leiar i Raudt, Marie Sneve Martinussen er ikkje nådig med kritikken av lakseselskapet.

– Dei eig verkeleg frekkheitas nådegåve. Å saksøka staten for å skjerma små aktørar er ingenting anna enn knallhard interessekamp frå nokon av dei rikaste menneska i Noreg og verda, seier ho.

Ho meiner at laksemilliardærane har brukt alle triks i boka for å trenera, forvirra og avspora i debatten om ein rettferdig skatt på havbruk.

Marie Sneve Martinussen

Leiar i Raudt, Marie Sneve Martinussen, er kritisk til søksmålet til Mowi.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Sjømat Norge ikkje overraska

Bransjeorganisasjonen Sjømat Norge er ikkje overraska over at Mowi går til søksmål. Dei meiner innføringa av grunnrenteskatten har vore «svært dramatisk» for norsk havbruksnæring.

Dei meiner det framleis er spørsmål som treng rettsleg avklaring.

– Er søksmålet noko de stiller dykk bak?

– Botnfrådraget gir ulike konkurransevilkår mellom havbruksselskapa. Me er kjende med at det er rett og naudsynt å få juridisk avklaring rundt spørsmåla som har kome, seier Kristin Langeland, direktør for kommunikasjon og næringspolitikk i Sjømat Norge.

– No går oppdrettsnæringa svært godt, er det ikkje då naturleg at dei største betalar denne skatten?

– Det har aldri vore spørsmål om å betala meir til fellesskapet eller ikkje. Det har næringa vore tydeleg på frå dag ein at ein vil bidra og kan bidra til fellesskapet, seier Langeland.

Ho er likevel kritisk til både prosessen og sluttresultatet.

Varsla politisk omkamp

Då grunnrenteskatten først blei annonsert hausten 2022 rasa lakseselskapa på børsen. Men i mai i år, då nyheita om at skatten blei justert ned til 25 prosent kom, steig aksjane igjen.

Det var i mai i år at grunnrenteskatten blei vedteken. Då var Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Venstre og Pasientfokus einige om skatten. I tillegg stemte Raudt med fleirtalet.

SV ønskte at grunnrenteskatten skulle vera på 40 prosent, slik regjeringa opphaveleg føreslo, men Vedum avviste omkamp.

– Skattesatsen blir ståande, seier Vedum.

Frp og Høgre meinte forsikringa hans var lite verdt og frykta at lakseskatten på sikt vil bli oppjustert. Høgre varsla at dei ønskjer omkamp om lakseskatten.

Mowi oppdrettslaks

Oppdrettsselskapet Mowi vil gå til sak mot staten fordi dei meiner lakseskatten ikkje er rettferdig.

Foto: Mowi / NPK

Kutt og rekordår

I juni varsla Mowi at dei droppa investeringar i Noreg på 5 milliardar kroner etter lakseskatt-kompromisset på Stortinget.

Dei varsla at 1400 årsverk blei ramma.

Men i 2022 hadde dei sitt beste år nokosinne.

Resultatet før skatt var på ein milliard euro, rundt 10,8 milliardar kroner.

Det var første gong i selskapets 60 år lange historie at Mowi opplever ei inntening på over ein milliard euro, stod det i ei børsmelding.

I 2022 produserte Mowi 464.000 tonn laks. det var 4000 tonn meir enn det som var estimert eit år tidlegare.

Les også Lerøy permitterer tross 800 millioner kroner i overskudd: – Vi er satt sjakk matt

Lerøy Aurora i Ersfjorden på Kvaløya