Hopp til innhold

Straumprisane er godt nytt for forbrukarane – men kommunekassa blør

Låge straumprisar er godt nytt for forbrukarane, men krevjande for kommunekassa. Og ikkje noko tyder på at straumprisane vil snu med det fyrste.

Kraftlinje gjennom Hemne og Snillfjord

LÅGARE REKNINGAR: Landets straumkundar har den siste tida kunne merke lågare straumprisar i positiv forstand.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / NRK

– Utbyttet frå kraftselskapa betyr veldig mykje for økonomien til kommunen og dei tenestene me kan tilby innbyggjarane våre.

Det seier kommunedirektør, Ole John Østenstad, i Sunnfjord kommune.

I dag er straumprisen på om lag 75 prosent av det han var på denne tida i fjor.

Ein mild og våt vinter, mykje snø i fjellet, lågare forbruk og meir kraftproduksjon har ført til at det har vore mykje straum tilgjengeleg. Koronakrisa har dessutan ført eit visst fall i straumbruken.

Les også: Mykje vatn og snø i fjellet gir låge straumprisar i lang tid framover

Ole John Østenstad

MINDRE OVERSIKT I NY KOMMUNE: Kommunedirektør Ole John Østenstad i Sunnfjord kommune understrekar at det i den nye kommunen enda kan vere vanskeleg å sjå dei klare konsekvensane av kraftprisfallet på sikt.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Krevjande situasjon

Dei låge straumprisane er godt nytt for kundane.

Men for kommunane som har eigardelar i kraftselskapa, ser det mørkare ut.

– Vi har fått 7,6 millionar kroner mindre enn det vi hadde håpa på, seier Østenstad.

Årleg budsjetterer kommunen med 20 til 25 millionar i kraftinntekter.

– Om utbyttet ikkje er høgare neste år, vil det slå rett inn i tenestene våre, seier han..

– Ekstremt låge prisar

– Det er ti år sidan straumprisen var så låg som no, så det er ekstremt låge prisar vi snakkar om, seier Olav Osvoll.

Han er konserndirektør med ansvar for produksjon i BKK. I fjor delte selskapet ut 600 millionar kroner til sine eigarar på Vestlandet, blant dei 17 kommunar.

No har dei åtvara eigarane sine om at utbyttet for 2020 vil vere av ein heilt anna storleik.

BKK Bergen

MANGE EIGARAR: BKK er eigd av Statkraft, 17 kommunar og to kommunale kraftlag i Vestland fylke. Den største kommunale eigaren er Bergen kommune som får utbetalt 226,5 millionar kroner i utbytte.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Gått dramatisk ned

I Luster har de varsla at dei byrjar å merke konsekvensane. I fjor henta kraftkommunen rekordinntekter frå salet av konsesjonskraft.

«Kraftprisane har frå februar av gått dramatisk ned slik at me berre for mars å rekna har hatt eit underskot på sal av konsesjonskraft på over 600.000», kjem det fram av kvartalsrapporten frå 1. kvartal 2020.

Konsesjonskrafta er ein del av krafta større vasskraftverk er plikta til å levere til vertskommunen.

– 2019 var all time high, 2020 blir eit tungt år. Me likar situasjonen lite, seier rådmann i Luster, Jarle Skartun.

No førebur han seg på å måtte nytte oppsparte midlar.

– Kommunerekneskapen for 2020 vil nok for første gong på veldig lenge ha raude tal, men det skuldast både dårleg kraftpris, meirkostnad til korona og dårleg utvikling i finansane, seier han.

Jarle Skartun

FØLGJER MED: – Vi har valt å ha is i magen og følgje med kva som skjer vidare, vi håpar prisen vil ta seg opp att etter kvart, seier rådmann i Luster, Jarle Skartun.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Reduserer inntektene men fleire hundre millionar

Einar Wilhelmsen er Finansbyråd i Oslo. Han understrekar at dei låge kraftprisane kjem i tid der korona allereie har sett djupe spor i budsjetta.

– Det gjer at me i Oslo kommune må sjå på å redusere utbyttet frå kraftselskapet vårt. Då snakkar me reduserte inntekter på mange hundre millionar.

– Kva konsekvensar får dette?

– Lågare kraftprisar er hyggeleg for alle som brukar straum. Men for dei kommunalt eigde kraftselskapa gjer det at dei får lågare inntekter, som i sin tur gjer at det blir lågare utbytte til kommunane. Det er pengar som går til å finansiere skule, barnehage, symjebasseng og andre kommunale tenester.

– Låge prisar heile sommaren

Frå Gloppen slår Bengt Haugnes, som er handelssjef i Sogn og Fjordane Energi (SFE), kaldt vatn i blodet på kommunane som reknar med at straumprisen snart vil snu.

– Det er først mot haustparten, rundt september, at ein kan vente ein viss prisoppgang på marknaden, seier han.