Hopp til innhold

Mykje vatn og snø i fjellet gir låge straumprisar i lang tid framover

Straumen kan kome til å bli uvanleg billeg heilt fram til hausten. Det milde vêret og mykje vatn og snø i kraftmagasina gjer at vi kan spare pengar på straumen framover.

Strømregning

Det kan fort bli pengar å spare for folk flest når straumprisen blir uvanleg låg i lang tid framover.

Foto: Audun Braastad / NTB Scanpix

Dei siste par dagane har spotprisen på straum vore på rundt 10 øre kilowattimen (i tillegg kjem nettleige og avgifter). Det er om lag ein firedel av prisen på same tid i fjor. Mildvêret har redusert forbruket i Norden, vind har gjeve mykje vindkraft.

Samtidig ligg det mykje snø i fjellet og vatn i magasina. Det kan gi oss låge straumprisar langt fram i tid, seier porteføljeforvaltar Magnus Lingjærde i Entelios til NRK.

– Fram til og med sommaren er det veldig pressa prisar. Totalt for heile 2020, blir det kanskje det rimelegaste året vi har hatt i kraftmarknaden så langt, seier han.

Magnus Lingjærde i Entelios

Porteføljeforvaltar Magnus Lingjærde i Entelios trur vi går mot det rimelegaste året vi har hatt i kraftmarknaden så langt.

Foto: Geir Anders Rybakken Ørslien / Entelios

Uvanleg mykje snø og vatn

Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE, overvaker situasjonen i kraftmagasina tett. Dei ser fulle magasin mange stader, seier seksjonssjef Ann Østenby.

– I områder der ein kan bruke nedbør til kraftproduksjon, er det høge snømagasin i heile landet. Men det er spesielt mykje i Troms og Finnmark.

Summen av snø i fjellet og vatn i magasina blir kalla hydrologisk balanse på fagspråket. Ifølge NVE er den balansen no så god, at vi må 15 og 20 år tilbake i tid for å finne noko liknande.

Ann Østenby, seksjonssjef i Norges vassdrags- og energidirektorat.

– Det er mykje vatn i magasina og snø i fjella over heile landet, spesielt i Troms og Finnmark, seier seksjonssjef Ann Østenby i Norges vassdrags- og energidirektorat.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

– Det er berre i 2000 og 2005 det er høgare nivå enn det vi ser på tilsvarande periode i året som vi er i no.

Betyr det at det er fare for flaum?

– Det er alltid fare for flaum, men vi har veldig gode metodar for å overvake flaumsituasjonen i Noreg. Men vi veit ikkje om dette året blir annleis enn andre år enno. Det er lenge til snøen normalt sett skal smelte.

Kan spare tusenvis av kroner

Med uvanleg fulle kraftmagasin, ein mild vinter og uvanleg låge straumprisar, kan det få positive ringverknader for lommebøkene til folk flest, seier Lingjærde.

– I år får vi to effektar. Den eine er at prisen kanskje blir halv pris, altså berre straumprisen. I tillegg bruker vi mykje mindre straum på oppvarming. Totalt kan ei vanleg hushaldning spare mange tusenlappar, seier han.

Men sjølv om vi kan vente oss låge straumprisar i lang tid framover, åtvarar Lingjærde mot å tru at det er fritt fram å bruke straum.

– Det kostar uansett å bruke straum, så ein skal ikkje sløse. Men det er klart at det blir nokre tusenlappar til overs for kvar husstand, som ein kan bruke til andre ting.

AKTUELT NÅ