Hopp til innhold

Historisk mild vinter – skaper utfordringer for fleire

Det har vore historisk mild vinter i åtte av landets fylke. – Det blir vanskelegare og dyrare å drive, seier Martin Braanaas i Sunnfjord Skog.

Snøklokker

MILDT: Gardermoen vil for første gong oppleve at gjennomsnittstemperaturen for vinteren er over null grader, ifølgje Meteorologisk institutt.

Foto: Waree Lyngstad

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Aldri før har det blitt registrert så mild vinter som no, ifølgje Meteorologisk institutt.

Rekord fleire stader i landet

– På målestasjonar i åtte av landets fylke har gjennomsnittstemperaturen i vinter vore den høgaste som vi har registrert nokon gong, seier Reidun Gangstø Skaland som er klimaforskar ved Meteorologisk institutt.

Ein vinterdag blir definert som ein dag der gjennomsnittstemperaturen er under null grader. Ifølgje Gangstø har det fleire stader vore over null grader i vinter.

– Enkelte stader har det ikkje vore vinter i det heile teke.

Dei åtte fylka som har opplevd rekordmild vinter er Vestland, Innlandet, Viken, Oslo, Vestfold og Telemark, Agder, Rogaland og Trøndelag.

I Vestland fylke er det målt rekord på Slåtterøy fyr, Takle i Gulen og på Ytterøyane fyr.

Nøyaktig kor høg gjennomsnittstemperaturen har vore blir først klart måndag 2 mars.

Mildvêret gir ekstra kostnadar

– Ein lurer jo på om ein har valt feil yrke, seier Martin Braanaas som er dagleg leiar i hogstselskapet Sunnfjord Skog.

Han seier at den milde vinteren med mykje nedbør har resultert i både ekstra arbeid og kostnadar for firmaet.

– Vi må gjere ekstra tiltak for å blant anna unngå å forureine vatnet, eller leggje til rette for maskinene for å unngå å sige langt ned i jorda eller lage stygge hjulspor.

Den dårlege perioden er merkbar, og han seier at mildvêret gjer det vanskelegare å utføre jobben dei er sett til.

– Eg håper for guds skyld at vi får tilbake litt kaldare og snørike vintrar, for å drive i skogen under sånne forhold er ikkje så veldig kjekt.

Fleire skianlegg kjenner også på utfordringane med milde vintrar. Lite snø har ført til at mange fryktar for kva framtida vil bringe.

Dagleg leiar i Sunnfjord skogsdrift, Martin Braanaas Kleppe

UTFORDRING: – Å drive i skogen under slike forhold er ikkje noko kjekt, seier Martin Braanas i Sunnfjord Skog. Milde vintrar skaper utfordringar for fleire næringslivsaktørar.

Foto: Bård Siem / NRK

Må førebu oss på mildare vintrar

Gangstø fortel at det er naturleg med variasjonar, der ein av og til opplever veldig milde vintrar eller veldig kalde vintrar.

Likevel seier ho at klimaendringane mest truleg har bidrege til dei høge målingane som ein no har fått.

– Berekningane syner at vi oftare må vere budd på milde vintrar og at dei kan bli enda mildare. Men vi vil få kalde vintrar med jamne mellomrom.