Hopp til innhold

Kystby tek grep for å dempe «hjorte-invasjonen»

Nærgåande hjort har blitt eit så stort problem i Florø at fortvila innbyggjarar ber om hjelp. No tek kommunen grep.

Hjort i hage i Florø

I HAGEN: Nærgåande hjort har blitt eit problem i Florø. Her frå ein hage i oktober.

Foto: Johan Johansson

Kinn kommune har i ein søknad til Miljødirektoratet bedt om lov til å bedøve og flytte plagsam «by-hjort».

– Hjorten et det dei finn, og kjem inn på terrassane til folk, fortel landbrukssjef Jon Anders Stavang i Kinn.

Kommunen gjorde det same i 2012. Då 25 blei hjortar frakta vekk.

Det er vanskeleg å jakte i sentrumsnære område. Det har hjorten funne ut. Dermed blir det fleire dyr der, forklarer landbrukssjefen.

– Barneborna synest det er stas, men han et opp blomane

Johan Johansson er ein av huseigarane som jamleg har besøk av hjort i hagen sin.

Personleg synest eg det er berre hyggjeleg, og barnebarna synest også at det kjekt at hjorten kjem på besøk, seier han.

Johansen fotograferte både koller og ein kronhjort i bakhagen i oktober, og har i utgangspunktet berre godt å seie om dei firbeinte gjestene.

Kronhjort i hage i Florø

Hjorten i Johan Johansson sin hage bryr seg lite om at det er folk til stades.

Foto: Johan Johansson

Eg og kona brukar å stå på verandaen og prate, mens hjorten held på sitt. Heller ikkje katten har problem med dei.

Hageeigaren er likevel positiv til at kommunen tek grep.

Det synest eg er supert. Det er fint med hjort, men han et jo opp blomane våre.

Og problemet veks i omfang. For hjortestammen har blitt større.

Blir fleire hjortar

Bestandane av hjort og hjortevilt er historisk høge i Noreg.

Tidlegare i haust skreiv NRK om bønder på Vestlandet som lenge har meint at noko må gjerast. Eit av tiltaka er at 72 kommunar i Noreg fekk innvilga kvotefri jakt på hjortekalvar av Miljødirektoratet.

Hovudutfordringane er at hjorten har kome tett på folk, et opp avlingane til bøndene og at det er mange trafikkulykker og uhell.

Hos Miljødirektoratet seier seniorrådgjevar Erik Lund ved viltseksjonen at hjortestammen i Noreg ikkje er ute av kontroll, men at han i nokre område er større enn ønskeleg.

– Og hjorten breier seg framleis både austover og nordover i landet.

Les også Harde tiltak mot hjortebestanden

Hjort på Fiskå i Vanylven, Sunnmøre 13. april 2021

50 påkøyrd i fjor

Landbrukssjefen i Kinn håper dei klarer skyte ein del av hjorten under jakta som varer til 23. desember. Og helst den delen som er i villaområda og hagane til folk.

Det andre tiltaket er altså å bedøve hjorten til våren. For deretter å frakte han vekk.

Difor har dei søkt Miljødirektoratet om løyve til å gjere slik dei gjorde i 2012. Men etter at dei 25 dyra blei fanga og skyssa med båt til Norsk Hjortesenteret på Svanøy, har stammen gradvis vakse seg større att.

Hjort i hage i Florø

Her kosar hjorten seg med grønt og friskt gras i ein hage i Florø.

Foto: Merete Skadal

Strengt regelverk

Utgangspunktet er at viltlevande dyr ikkje skal haldast i fangenskap, opplyser Miljødirektoratet.

Bakgrunnen er at dyra kan få ein kraftig stressreaksjon når dei kjem innanfor eit gjerde og skal bli handtert av folk.

Men vi har erfart at hjortane som går i hagane til folk ikkje får ikkje denne stressresponsen, difor søker vi om dispensasjon frå regelverket, seier Stavang.

Bedøvd hjort i Florø i 2012

I 2012 blei det bedøvd 25 hjortar som blei frakta vekk til Svanøy

Foto: Johan Trygve Solheim

Miljødirektoratet reknar med at kommunen kan vente seg svar før jul.

– Vi registrerer at kommunen har ei utfordring med mange bynære hjortar. Når det blir gjort unntak frå eit strengt regelverk, ligg det ei konkret og grundig vurdering bak, opplyser Erik Lund ved viltseksjonen.

I Gaddevegen i Florø ser Johan Johansson fram til å få ha hagen i fred, sjølv om det kanskje ikkje er han hjortebesøka får størst følgjer for.

– Det er kona som får arbeidet med hjorten. Det er ho som tek seg av hagen, ler huseigaren.

Les også Hjortebestanden er så stor at jegeren er lei av å slakte

Rune Stene viser frem hjorten i fryserommet som er i et ombygd toalett i det gamle skolehuset på Hildre