Hopp til innhold

Kyrkja er restaurert for 17 millionar – no flassar ho

For to år sidan var ei omfattande restaurering av den kring 900 år gamle kyrkja ferdig. No flassar det på kyrkjeveggane.

Kinn kyrkje

SKADAR: Fugene på vestveggen ser ikkje ut som dei gjorde etter restaureringa var ferdig.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Vi synest ikkje dette er noko stas. Samtidig må vi prøve finne ut kvifor det skjer, og finne ei løysing så vi får reparert skadane, seier Vidar Andersen i Kinn kommune.

I 2020 var ei omfattande restaurering av Kinn kyrkje ferdig. Kulturminnet på øya Kinn utanfor Florø er ei av landets eldste steinkyrkjer. Prislappen på restaureringa: Kring 17 millionar kroner.

Men alt no er det to fasadar på kyrkja som flassar av.

Særleg er det synleg i fugene på den vestvende veggen.

Her har kalkmålinga på fugene sleppt og det har kome vatn inn i materialet som er brukt for å bygge opp igjen fugene, forklarer Andersen.

Han har vore byggeleiar for restaureringsarbeidet på kyrkja.

– Grunnen til at vi har fått den situasjonen, er at det er såpass hardt klima på vestveggen. Det har kome så mykje vatn at målinga har sleppt og fugene vorte eksponert for fukt.

Firdaposten fortalde om skadane på Kinn-kyrkja først.

Kinn kyrkje
Foto: PRIVAT

Gjorde feil i oppussinga

Kyrkja på Kinn er ei av seks steinkyrkjer frå mellomalderen som framleis står att i Sogn og Fjordane.

Kyrkja har vore restaurert i fleire rundar.

Tilbake i 2011 vart det konstatert at det var gjort feil i arbeidet som var utført nokre år tidlegare. På dei innvendige veggane dryssa pussen av – og nye millionar til ny oppussing vart etterlyst.

Etter mange års forsøk på å skaffe pengar, gjekk ein i 2020 på nytt i gang med ei ansiktsløfting for Kinn-kyrkja.

Les også Tek opp eldgamal tradisjon for å redda feiloppussa kyrkjer 

Per Storemyr i Fabrica driv kalkbrenning i Mosterhamn

Vil produsere kalk til norske kyrkjer

Det er Forsvarsbygg som utarbeider løysingane for Kinn kyrkje, men alle val må godkjennast av Riksantikvaren.

Espen Marthinsen er overingeniør og murar i avdelinga for kulturminne hos Forsvarsbygg.

Han viser til at Forsvarsbygg ikkje har vore på Kinn etter at skadane oppstod og ønskjer derfor ikkje seie noko om årsaka.

– Nærare undersøkingar vil vise om det er skadar på sjølve fugen, eller i overgangen mellom fuge og puss, eller skadar på sjølve pusslaget som har oppstått først.

På Kinn kyrkje er det brukt ein såkalla «hotmiks», ei blanding av industrielt brent kalk og sjøsand med høgt innhald av skjel. Materialet er testa på førehand.

– Arbeidet er basert på tradisjonell framstilling av kalkmørtel, tilnærma det som blei nytta då kyrkja blei bygd.

Marthinsen understrekar at både materialval, men også korleis materiala blir teke vare på undervegs i prosessen, er viktig.

På Kinn skulle både materialet og løysingane som er valt, tilseie at arbeidet på den vêrutsette, vestvende veggen heldt lenger enn det har gjort, opplyser Marthinsen.

Forsvarsbygg vil no hjelpe Kinn kommune med saka om kommunen ønskjer det.

Kinn kyrkje

KINN KYRKJE: Steinkyrkja på øya Kinn utanfor Florø er bygd på 1100-1200-talet.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Svært viktig å ta vare på kyrkja

– Når ein arbeider med gamle bygg er det litt forsking. Ein har ikkje alle svara, seier Andersen.

Så sant Riksantikvaren gir si godkjenning, vil kommunen ta fatt på reparasjonsarbeidet så snart som råd, og nytte finvêrsperiodar i vår og sommar.

Andersen håpar å få til eit spleiselag med mellom andre Riksantikvaren. Men sidan Kinn kommune er byggherre, må truleg kommunen ta mesteparten av kostnaden.

– Det viktigaste opp i dette er kyrkja, så får vi heller bruke nokre få kroner på det.

Andersen understrekar at restaureringsarbeidet som er gjort på kyrkja, totalt sett utgjer ei «betydeleg forbetring».

– Kor viktig er det å ta vare på kyrkja på Kinn?

– Det er svært viktig. Kyrkja har stått der i nær tusen år og må stå i alle fall tusen år til – og kanskje enda lenger.

test

MÅ REPARERAST: Mykje av arbeidet med det som er ei av landets eldste steinkyrkjer må takast att.