Hopp til innhold

Bortkasta pengar på oppussing

Kinn kyrkje er pussa opp for fleire millionar kroner. Men arbeidet er gjort heilt feil. No må alt gjerast opp att.

Kinn kyrkje

FORFALL: Kinn Kyrkje er pussa opp på feil måte. No held forfallet fram og murpussen skalar av kyrkja utvendig.

Foto: NRK

Kinn, Kinnakyrkja, Kinnaklova

FUKT: Kyrkja må truleg pakkast inn i presenning for at den skal tørke skikkeleg opp slik at nytt oppussingsarbeid kan bli gjort.

Foto: Arne Stubhaug

Den snart 900 år gamle steinkyrkja på Kinn vart pussa opp i 1985 og 2006 for fleire millionar kroner. Men arbeidet vart gjort feil syner ein rapport frå Riksantikvaren.

Brukte feil metode

I fylgje Bergens Tidende vart kyrkja pussa opp utvendig i 1985 og innvendig i 2006. Men arbeidet vart gjort på feil måte. Det vart mellom anna fjerna for lite av det gamle og øydelagde på veggen. Dermed hang ikkje den nye pussen godt nok på veggen og no dryssar pussen av veggane.

Riksantikvaren skriv i rapporten at kyrkja er utsett for store fuktskadar – i heile kyrkja. Dette kan komme frå både tak, grunnen og veggar.

Må finne fleire titals millionar

Kinn, Kinnakyrkja, Kinnaklova

DRYSSAR: Innvendig i kyrkja på Kinn dryssar pussen av veggane fordi oppussingsarbeidet er gjort feil.

Foto: Arne Stubhaug

Leiar i kyrkjeleg fellesråd, Herdis Elin Lexau, seier ei ny oppussing truleg vil komme på fleire titals millionar kroner. Ho veit ikkje korleis ho skal skaffe pengar til oppussingsarbeidet.

Det er kommunane som har ansvar for å løyve pengar til vedlikehald av kyrkjelege bygg.

Lexau seier ho vanskeleg kan sjå at Flora kommune kan klare dette åleine, og at dei difor må starte ei innsamling for kyrkja.

Tiltak

Riksantikvaren meiner det må gjerast fleire grep for å berge kyrkja frå forfallet. Både ytterveggar og fasade må systematisk reinskast for all sementmørtel. Deretter kan alt bli fuga og pussa opp att med ny kalkmørtel når veggane har tørka.

For at oppussingsarbeidet skal bli vellukka må kyrkja mellom anna truleg pakkast inn i presenning for å vernast mot regn og vind medan oppussingsarbeidet går føre seg.

Arbeidet med oppussinga vil truleg ta fleire år.