Hopp til innhold

Kvinner tar mest av støyten når eldre blir heime lengre

Marit Frugård (71) blei pleia heime i ni år før ho kom på sjukeheim. I framtida vil pårørande få ei endå større byrde, viser fersk rapport.

Camilla Lunde Frugård og Marit Frugård

SAMAN: Camilla Lunde Frugård og mora hennar, Marit Frugård.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Hei mamma! Så fin bluse du får fått på deg.

Camilla Frugård Lunde er på besøk hos mora si på Knutsaåsen omsorgssenter på Stord.

Mora svarer ikkje lenger.

I elleve år har Alzheimer gradvis fjerna minne, rørsler og språk.

– Det har vore veldig tøft å mista mamma litt etter litt.

Ho flytta inn på omsorgssenteret i 2020. Då hadde familien passa på ho i ni år. Ektemannen Reidar tok seg av det meste, og dei tre døtrene har hjelpt til ved behov.

Camilla Frugård Lunde og Marit Frugård

Marit vart teken hand om i ni år heime før ho fekk plass på omsorgssenteret.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Over halvparten av dei over 90 år får demens

Ein ny rapport frå Statistisk sentralbyrå om kvinners liv og helse peikar på demens som ei av dei største utfordringane i åra som kjem.

Talet på personar med demens er venta å auka frå rundt 100.000 til opp mot 250.000 dei neste 30 åra.

– Me ventar ein auka sosial ulikskap. Me trur at folk vil måtta lena seg endå meir på familie, og kanskje kjøpa fleire tenester sjølve. Elles går det ikkje rundt, seier Astri Syse, som er ein av forfattarane bak rapporten.

Kvinner er overrepresenterte blant dei med demens. Av kvinnene som bikkar 90 år, får over halvparten demens.

I dag er 32.000 kvinner over 90 år. Talet er venta å auka til nesten 86.000 fram mot 2050.

Dette legg eit press på både helsetenester og pårørande.

Og ifølgje rapporten er det kvinner som står for den største delen av den uformelle omsorga.

– Kvinner mellom 40 og 70 år vil nok få nokre omsorgsoppgåver som kan koma til å påverka deira eiga helse negativt, meiner Syse.

Camilla Frugård Lunde held mora Marit Frugård i handa

Camilla Frugård held handa til mora Marit Frugård.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Legg inn pasientar fordi pårørande er slitne

Camilla Frugård Lunde jobbar sjølv som sjukepleiar på akuttmottaket på Stord sjukehus. Ho ser ofte pårørande som har det tøft.

– Det er ikkje så sjeldan at personar blir lagde inn fordi pårørande er slitne.

Sjukepleiar Renate Pedersen ved Knutsaåsen omsorgssenter møter også familiemedlemmer av pasientar med demens.

– Veldig ofte er pårørande kjempeslitne når dei får plass her. Dei har kjempa ein lang kamp, og har ikkje meir å gi, seier Pedersen.

Renate Pedersen, sjukepleiar ved Knutsaåsen omsorgssenter

Sjukepleiar ved Knutsaåsen omsorgssenter, Renate Pedersen.

Foto: Eli Bjelland / NRK

I Stord kommune er det no 14 personar som bur heime medan dei ventar på sjukeheimsplass. På landsbasis står minst 740 på venteliste, viser ei oversikt frå Helsedirektoratet.

– Dette er ei stor utfordring. Fleire får hjelp av heimebaserte tenester, men det er også ein del pårørande som gjer ein stor innsats for sine næraste som bur heime, seier Britt Dalsgård, som er leiar for tildelingskontoret i Stord kommune.

Kommunen planlegg no utbygging av 64 fleire plassar fram mot 2031.

Astri Syse SSB

Astri Syse i Statistisk sentralbyrå seier utfordringa med demens dei neste tiåra er stor.

Forskar Astri Syse meiner utfordringa framover er stor.

– Ein får jo eit inntrykk i dag av at det er krise, både i spesialisthelsetenesta og i dei kommunale tenestene. Og ein så gunstig situasjon som me har i dag, med såpass få eldre på relativt mange unge og friske, vil me aldri få igjen, seier Syse.

Camilla Frugård Lunde er glad for den gode omsorga mora får på Knutsaåsen. Men ho kjenner andre som slit med å få hjelp.

– Nokre må jo ha tilsyn heile tida. Det blir utruleg krevjande for pårørande. Du kan ikkje forventa at dei skal ha den belastinga veke etter veke, månad etter månad, meiner ho.

Les også Då Jan fekk demens, starta han å skrive bok om eige liv

Jan E. Holvik

Regjeringa: Opp til kommunane

Karl Kristian Bekeng (Ap) er statssekretær i Helse– og omsorgsdepartementet, og seier at denne utfordringar gjer at fleire fagfolk og sjukeheimsplassar åleine ikkje er nok.

– Me må tenkja nytt om framtidige buformer. Regjeringa er derfor i gang med ei ny reform skal gjera det trygt for eldre å bu lenger heime, seier Bekeng.

Pressebilde av statssekretær Karl Kristian Bekeng.

Karl Kristian Bekeng (Ap) er statssekretær i Helse– og omsorgsdepartementet, og meiner at ein bør legga opp til at personar med demens bur heime så lenge som mogleg.

Foto: Esten Borgos / BORGOS FOTO AS

Kva planar har regjeringa for å auka kapasiteten på sjukeheimsplassar?

– Eg har tillit til at kommunane gjer gode vurderingar om kva som er det beste tilbodet til sine innbyggarar. Me må utvikla bustadløysingar som gjer at eldre opplever tryggleik i eigen heim, sosial kontakt og kan ta del i nærmiljøet.