Hopp til innhold

Kva meiner folk om namnet Vestland?

FØRDE/BERGEN: Ingenting er sikkert før Stortinget har sagt sitt. Mange av innbyggjarane i Sogn og Fjordane og Hordaland håpar det blir sett ein stoppar for namnevalet Vestland.

DELTE MEININGAR: Folk på gata i Førde og Bergen er delte om forslaget til namnet på det nye storfylket i vest – Vestland.

– Vestlandet er noko meir enn berre Sogn og Fjordane og Hordaland.

Den argumentasjonen går igjen hos mange av dei NRK møtte på gata i Førde og i Bergen. Mange har ikkje sansen for namnet Vestland om det nye storfylket med Sogn og Fjordane og Hordaland.

– Det er eit litt rart namn. Eg føler ikkje det gjer noko meining, seier ei ung kvinne vi møter på gata i Bergen.

Men fleire er også positive. Ein romsdaling vi møtte seier det slik:

– Namn betyr ikkje så mykje som vi skal ha det til.

– Fylka sine eigne ønske har gått gjennom

Sogn og Fjordane og Hordaland blir slått saman til ein ny region frå 2020 og det har vore knytt mykje spenning til namnet. Då kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland før helga la fram Regjeringa sine forslag til namn på dei nye regionane, sa ho at dei hadde lytta til fylka sine eigne ønsker.

– Vi har teke omsyn til fylka sine eigne ønsker, Språkrådet sine anbefalingar og vi har gjort våre eigne vurderingar. Det er først og fremst fylka sine eigne ønsker som har gått gjennom.

Det er fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane glad for.

– Eg trur namnet Vestland er viktig med tanke på å byggje ein felles identitet i det nye vestlandsfylket. Men eg trur det vil ta litt tid å venne seg til namnet.

– Eg ser ikkje noko problem med Vestland. Det er eit godt namn på eit flott fylke, så vi er tilfredse, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun i Hordaland.

Må få si velsigning i Stortinget

– Eg er sikker på at fleirtalet av folk i Sogn og Fjordane er imot dette namnet, seier ei kvinne NRK møter i Førde.

Også fylkesordførarane i Rogaland og Møre og Romsdal er skeptiske til namnet Vestland. Dei viser til namnet er knytt til ein identitet som handlar om mange fleire enn dei i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Og Følling forstår at namnet blir heftig debattert.

– Dette er ein typisk namnedebatt. Det er alltid ulike meiningar om kva barnet skal heite, men når ein først har døypt barnet, så fell ein til ro og eg trur mange vil bli tilfreds med dette.

Det er Stortinget som har siste ord i namnesaka. At dei følgjer opp er rimeleg sikkert, meiner Følling.

– Eg reknar med at Stortinget følgjer opp det Regjeringa har lagt fram. Her er lokaldemokratiet teke på alvor i begge fylka, og det var eit overveldande fleirtal som peika på dette namnet.