Hopp til innhold

Kulda held seg fram mot jul – varslar skyhøge straumprisar

Straumprisen kan fort stige til både fire og fem kroner kilowattimen den neste veka, trur straumekspertar.

Kulde i Hammerfest

ISKALDT: Laurdag var det ned mot minus 20 grader i Hammerfest.

Foto: Sonni Schumacher

Av alle faktorar som påverkar straumprisen akkurat no, så er kulda den viktigaste, meiner fleire straumekspertar NRK har snakka med.

Den siste veka har det vore kaldt i store delar av landet, med tosifra minusgrader fleire stadar.

  • Søndag er straumprisen på straumbørsen Nordpool 3,37 kroner per kilowattime på Austlandet, Sørlandet og på Vestlandet.
  • Noko lågare, 2,53 kroner, på Nordvestlandet og i Midt-Noreg.
  • 1,50 kroner i Nord-Noreg.

Måndag blir det ny straumprisrekord i Nord-Noreg. Då blir snittprisen rekordhøge 2,53 kroner per kWh. Maksprisen blir 4,14 kroner, melder NTB.

Desse prisane er reine kraftprisar, utan nettleige, moms og påslag til straumselskapa.

Dei låge temperaturane kjem til å halde seg utover i neste veke, seier vakthavande meteorolog Martin Granerud.

– Det ser ut som vi kjem til å behalde det kalde vêret. Det er kjølig luft over store delar av Skandinavia.

Kulde i Trondheim

Laurdag var det minus 12 grader ved Munkholm i Trondheim. Det kjem til å vere kaldt her også neste veke, ifølge meteorologen.

Foto: Knut Dreiås

Det som er usikkert er kor lenge kuldeperioden kjem til å vare. Meteorologen er ganske sikker på at det vil vare neste veke. Siste veka før jul er meir usikkert.

Det betyr uansett at straumprisane kjem til å halde seg høge, og truleg stige dei neste dagane.

– Eg vil påstå at kulda er den viktigaste faktoren, seier kraftanalytiker Tor Reier Lilleholt i Volue Insight.

Han trur forbruket neste veke kjem til å bli særs høgt, truleg høgre enn det som er registrert på fleire år.

Han trur også det kan bli dagsprisar opp mot fire og fem kroner per kilowattimar, og timeprisar opp mot 10 og 20 kroner per kilowattime enkelte periodar.

– Eg forventar at prisane går opp dei neste dagane. Måndag til fredag er det venta lite vind og høgt forbruk, vesentleg høgre enn det vi har sett i helga no.

Kraftlinje dekket av snø

Straumprisen vil auke dei neste dagane, trur fleire straumekspertar.

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

Også Johnny Horsdal, forvaltningssjef i SKS Handel, trur på høge straumprisar framover. Han viser til at kulda så langt har ført til at forbruket i Norden brått har auka opp mot 10.000 megawatt i timen.

– Det er også betydeleg mindre vind framover, som betyr at du får høgt forbruk og lite uregulert produksjon. Då blir det heftige prisar neste halvanna veke, seier Horsdal.

Kritisk i Sverige

Det gjer ikkje situasjonen betre at fleire kjernekraftverk i Sverige no er tekne ut av produksjon.

Denne helga blir kjernekraftverket Oskarhamn 3, med ein maksimal kapasitet på 1450 megawatt, teke ut av drift i ni dagar.

I tillegg blir Ringhals 3 stengt i desse dagar, som betyr at ytterlegare 537 megawatt med tilgjengeleg effekt forsvinn i Sverige, ifølge Energiwatch.

Frankrike har også kjernekraftproduksjon som ligg nede, og det er framleis høge gassprisar på den europeiske marknaden.

– Kulda er likevel den viktigaste faktoren framover. No er det høgt forbruk, lite tilsig i vassmagasina. No får vi ein test på heile systemet, seier Horsdal.

Straumstøtta slår inn

Med høge straumprisar slår også straumstøtta inn, på spotpris over 70 øre per kilowattime. Straumstøtta dekker 90 prosent av prisen over dette.

Men dette gjeld privatbustader, ikkje hytta.

Dermed kan straumrekninga for desember variere stort, alt etter kor ein vel å feire jul.

– Det kan vere lurt å ha fylt godt opp med ved og det som trengst der, seier Horsdal.

Vedfyring

Straumstøtta gjeld ikkje på hytta. Det kan vere lurt å handle inn ekstra ved før julehøgtida, ifølge straumekspertane.

Foto: Edny Rønne

Kulden bit seg fast

Det siste døgnet har det vore temperaturar ned mot 30 minusgrader ulike stadar i Sør-Noreg.

Av dei større byane, der straumforbruket er størst, kjem det til å vere kaldast i Oslo og i Trondheim neste veke. Her vil det fort bli temperaturar på mellom 10 og 13 minusgrader.

Dei kaldaste dagane ser ut til å bli tysdag, onsdag og torsdag.

Vestlandet har ofte plussgrader når det er kaldt på Austlandet – men i Bergen er det også kaldt, både no og framover.

– Bergen vil få nattetemperaturar på mellom fem og ti minusgrader til veka dersom dagens prognosar slår til, seier meteorolog Martin Granerud

Mykje vind kunne gitt fart i vindturbinane og motverka dei høge straumprisane, men også der ser det dårleg ut, ifølge meteorologen.

– Det er rolege vindforhold. Enkelte stadar er det frisk bris til liten kuling, men det generelle biletet er at når det er så kaldt så får vi ikkje sterk vind heller.

Sandane

Frostbilete frå Sandane i Vestland. Kulden held seg i vest også dei neste dagane.

Foto: Randi Ryssdal