Hopp til innhold

KS vil ikkje styra bruken av oppsparte lærarmillionar

Kommunane har spart 520 millionar kroner på at lærarar ikkje fekk lønsauke frå 1. juni, men frå 27. september då streiken vart avslutta. Så lenge det ikkje bryt med hovudtariffavtalen, står kommunane fritt i disponeringa av pengane dei sparte på den historisk lange streiken. Fleire kommunepolitikarar har ønskt å gi den halve milliarden tilbake til lærarane, og Utdanningsforbundet har uttrykt glede over desse utspela:

– Det er veldig bra at kommunepolitikarar viser at dei faktisk bryr seg om at det er lærarutdanna folk som jobbar i skular og barnehagar, seier Aina Skjefstad Andersen, forhandlingssjef i Utdanningsforbundet. Ho meiner det viser at dei tek rolla som arbeidsgivar på alvor.

Bruken av dei oppsparte lærarmillionane har ført til forvirring i fleire kommunar, men både KS og Utdanningsforbundet understrekar at det er fullt mogeleg å gje lokale tillegg, i tråd med hovudtariffavtalen. Utdanningsforbundets forståing av den er rett, seier Hege Mygland, direktør i KS’ forhandlingsavdeling:

– Det blir slått fast at avtalen ikkje gir moglegheit for å endre verknadstidspunktet for sentralt bestemte tillegg, men den inneheld vedtekter om lokale forhandlingar. Dette har ikkje noko med streiken eller Rikslønsnemndas avgjerd å gjera, seier ho.