Hopp til innhold

Natur og Ungdom: Rapporten om gruvedrifta er mangelfull

– Vi reagerer på at rapporten til SINTEF ikkje er innom miljøkonsekvensar ved Engebøprosjektet, seier Ådne Feiring i Natur og Ungdom.

Sjødeponi/Ådne Feiring (Montasje)

VARSLAR KAMP: Ådne Feiring i Natur og Ungdom seier dei kjempar mot gruvedrift og sjødeponi i Førdefjorden.

Foto: Nordic Mining/Line Lønning/Natur og Ungdom

150 aksjonistar er klare til å komme til Vevring i Naustdal om det blir eit ja til gruvedrift.

Vil bli svært lønsamt

Ein ny rapport viser at gruvedrift i Engebøfjellet vil gje ni kommunar samla skatteinntekter på 40 millionar kroner og 300 arbeidsplassar.

Rapporten er utarbeidd av SINTEF for Sunnfjord Næringsutvikling AS og syner altså at gruvedrift i Engebøfjellet vil vere svært lønsamt.

Ådne Feiring seeir Førdefjorden er spesiell fordi den er nasjonal laksefjord.

– Når rapporten ikkje tek miljøkonsekvensar med i utgreiinga, er den mangelfull. Då vil den gi eit gale bilete av prosjektet. Eg forstår godt at dette kan skape optimisme, men det er ingen grunn til å juble likevel, seier Feiring.

Vil dumpe slam i fjorden

Det er usikkert når det blir avgjort om selskapet Nordic Mining får grønt lys til å starte utvinning av mineralet rutil i Engebøfjellet ved Vevring.

Gruvedrift vil innebere at det må dumpast store mengder gruveslam og stein, noko mange meiner vil øydelegge Førdefjorden.

Både Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet har tidlegare sagt dei er skeptiske til eit sjødeponi.

Ser miljøutfordringane

Dagleg leiar Jan Støfring i Sunnfjord Næringsutvikling seier dei berre har sett på den næringsmessige delen.

– Eg ser klart at det kan vere utfordringar på miljøsida, men det kunne vi ikkje ta opp i denne rapporten. Er det krav om meir forsking på miljøet, så må nokon ta tak i det og gjere det, seier han.

Vil ikkje akseptere inngrepa

Feiring i Natur og Ungdom seier det ikkje er overraskande at gruvedrift vil gi positive ringverknader for lokalsamfunnet.

– Men samstundes vil ikkje samfunnsnytten vere større enn miljøkonsekvensen.

– Men her er det snakk om 40 millionar kroner og 300 arbeidsplassar, tel ikkje det?

– Det er klart at 40 millionar kroner er mykje for desse kommunane. Men at dette skal settast opp mot at liv i fjorden blir utradert, blir feil. Desse tinga kan ikkje setjast opp mot kvarandre. Fjorden har eit særskilt behov for vern og vi kan ikkje akseptere eit inngrep som dette, seier Feiring.

Har 150 aksjonistar klare

Dersom Miljøverndepartementet gir klarsignal til eit sjødeponi, er Natur og Ungdom klare til å aksjonere.

– Vi har samla lister og har allereie 150 aksjonistar som har sagt seg villige til å bli med på sivil ulydnad. Då kjem vi til Vevring og aksjonerer, seier han.

Feiring seier at ein slik rapport som no er lagt fram, vil gi positiv merksemd rundt prosjektet.

– Det er all grunn til å juble over at dette gir positive ringverknader, men vi er også nøydde til å sjå på dei negative konsekvensane. Difor vil vi først og fremst å setje fokus på dei negative konsekvensar av prosjektet, seier han.