Hopp til innhold

Veit ikkje kor tid avgjerda kjem

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell kan ikkje gje noko svar på kor tid det kjem ei avgjerd om gruvedrift i Vevring.

Steinbrotet i Engebøfjellet

GRUVEDRIFT: Nordic Mining vil drive med gruvedrift i Engebøfjellet i Vevring. No ventar dei på eit endeleg svar frå Miljøverndepartementet.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

Det er stortingsrepresentant Åge Starheim frå Framstegspartiet som i eit skriftleg spørsmål til ministeren har etterlyst eit svar om kor tid ein kan vente seg ei endeleg avgjerd i saka.

Selskapet Nordic Mining vil utvinne mineralet rutil i Engebøfjellet, men sjølv om det no er fem år sidan utgreiinga av prosjektet starta er saka framleis ikkje avgjort.

Åge Starheim meiner saka er godt nok utgreidd og viser til at prosjektet vil ha stor betydning for både Sunnfjord og Hafs-regionen.

Det er no Miljøverndepartementet som skal seie sitt i saka, men ministeren kan altså ikkje svare på kor tid det kjem ei avklaring i saka.

Solhjell skriv i svaret at det er fleire instansar som har sagt at kunnskapsgrunnlaget knytt til det planlagde sjødeponiet er mangelfullt. Samtidig lovar han å jobbe raskt.

– Saka er høgt prioritert og eg vil avklare vidare handsaming så snart som mogeleg, skriv SV-politikaren i svaret.