Hopp til innhold

To treng meir tid i Engebø-saka - desse tre veit nok til å seie ja

Tre av fem stortingsrepresentantar frå Sogn og Fjordane meiner det har vore nok utgreiingar om gruvedrift i Engebøfjellet. Berre Senterpartiet og Høgre treng meir tid.

Tor Bremer, Ingrid Heggø og Åge Starheim

GRØNT LYS: Både Tor Bremer (Ap), Ingrid Heggø (Ap) og Åge Starheim (FrP) er positive til planane om gruvedrift i Engebøfjellet.

Foto: NRK

Bjørn Lødemel

VIL VITE MEIR: Bjørn Lødemel i Høgre seier han ikkje har teke standpunkt i saka enno.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Utgreiinga av Engebø-prosjektet starta for fem år sidan, og no er det Miljøverndepartementet som skal seie sitt.

Høgre-politikaren Bjørn Lødemel er ein av to stortingsrepresentantar frå fylket som vil ha meir informasjon om konsekvensane av prosjektet før han tek eit endeleg standpunkt.

– Vi har ikkje tenke noko endeleg standpunkt til dette enno. Det er Høgre lokalt som har handtert dette, i stortingsgruppa har det ikkje vore tema enno, seier Lødemel til NRK.no.

Omstridde planar

Nordic Mining vil utvinne mineralet rutil i Engebøfjellet i Naustdal. Planane betyr også eit sjødeponi i Førdefjorden, der overskotsmasse frå gruvedrifta vil bli dumpa i fjorden. Det er spesielt denne delen av planane som gjer gruvedrifta omstridd.

Både Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har protestert høglydt mot planane om deponering av overskotsmasse i fjorden.

Det er venta at dersom regjeringa gir klarsignal for eit fjorddeponi i Førdefjorden, så vil det også få konsekvensar for andre liknande gruveprosjekt.

I vår sa både Fiskeridirektoratet, Havforskningsinstituttet, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES) og Mattilsynet nei til fjorddeponi.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinbrotet i Engebøfjellet

RUTIL: Nordic Mining vil utvinne mineralet rutil frå Engebøfjellet.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

– Store saker må ha ei grundig behandling

Erling Sande

STOR SAK: Og difor treng den grundige utgreiingar, seier Erling Sande i Senterpartiet.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

No ventar ein på ei utgreiing frå Miljøverndepartementet. Før den er klar vil altså ikkje stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Høgre ta standpunkt i saka.

Det same gjeld for Senterparti-representanten Erling Sande. Sande seier konklusjonane frå Miljøverndepartementet vil vere viktige for han.

– Eg er oppteken av at det ikkje blir brukt unødvendig mykje tid på saka, men samtidig så må vi ha med oss at dette er ei stor sak.

– Store saker må ha ei grundig behandling slik at ingen i ettertid kjem og seier at her vart det teke snarvegar, seier Sande til NRK.no.

Oppteken av arbeidsplassar

Gruvedrifta som er planlagd i Engebøfjellet vil kunne gje 170 arbeidsplassar i distriktet på sikt.

Dette er viktig for Åge Starheim som representerer Framstegspartiet på Stortinget.

– Eg står vel på den sida som meiner at dette burde ein få lov til å setje i gang med. Ikkje minst ut frå at det er ei næringssak som skapar betydeleg mange arbeidsplassar i ein kommune som sårt treng det, seier Starheim til NRK.no.

Begge Ap-representantane er positive

Både Ingrid Heggø og Tor Bremer frå Arbeiderpartiet støtter prosjektet.

– Sogn og Fjordane Ap har eit klart vedtak når det gjeld Engebø, og det står eg sjølvsagt for, seier Heggø.

Bremer meiner at ein allereie veit nok, og difor ikkje treng å vente på Miljøverndepartementet for å ta eit standpunkt.

– Det er teke mange omsyn, det verkar å vere eit godt fundament til å kunne realisere planane, seier Bremer.