Hopp til innhold

SV tek sjødeponi til ESA

Skulle regjeringa gje Nordic Mining løyve til eit sjødeponi i Førdefjorden, vil Norvall Nøringset (SV) gå til ESA.

Norvall Nøringset

TIL ESA: Norvall Nøringset (SV) vil ikkje akseptere eit løyve dersom regjeringa går inn for å gje Nordic Mining løyve til fjorddeponi i Førdefjorden.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

SV-politikaren har tidlegare sett si politiske karriere på spel for å stogge Nordic Mining sine planer om å vinne ut rutil i Engebøfjellet i Naustdal.

Til Firda seier Norvall Nøringset at han vil bruke EUs vassdirektiv for å stogge eit fjorddeponi i Førdefjorden.

– Dersom regjeringa seier ja til eit fjorddeponi, kjem eg til å klage vedtaket inn for overvakingsorganet ESA, seier han til avisa.

Føre var-prinsipp

SV-politikaren seier Norge er forplikta til å følgje vassdirektivet, som også gjeld for fjordane og ei nautisk mil utanfor kysten.

Gruvedrift i Engebøfjellet kan direkte gje 170 arbeidsplassar, men kring 140 millionar kubikkmeter overskotsmasse skal dei neste åra dumpast i fjorden.

– Direktivet er laga for at Europa skal ha ein felles strategi for å sikre eit reint og trygt vassmiljø til beste for folk, industri og andre føremål. Om ein vil unngå å bryte direktivet, kan ein ikkje setje i gang ei massiv dumping i fjorden, seier han til avisa og meiner det handlar om føre var-prinsippet.

– Nok utgreidd

Seinast før helga gjekk Fiskeridirektoratet på nytt ut og åtvara på det sterkaste mot fjorddeponiet . Dei ynskjer nye konsekvensutgreiingar for kva eit deponi i fjorden vil seie for livet i fjorden.

Norsk Bergindustri meiner derimot at saka er godt nok utgreidd.

– Det finst knapt noko landbasert verksemd som er så godt utgreidd som Engebøfjellet, sa Elisabeth Gammelsæter til NRK.no i helga.

I haust er det venta at miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV) fattar endeleg vedtak om kva som skjer med utvinningsplanane.

Første i sitt slag

Ifølgje Firda har Nøringset allereie snakka med Bellona, som meiner saka bør vere interessant å få prøvd for ESA og EFTA-domstolen.

– Ei slik sak har ikkje vore prøvd mot vassdirektivet, og det kan vere interessant å sjå kvar grensene ligg i desse dagar, seier Nøringset og meiner det vil vere eit paradoks om ei raudgrøn regjering må bli stogga av EU i ei miljøsak.