Hopp til innhold

Kristoffer (24) åtvarar andre unge menn: – Ikkje bli som meg då eg var 18 år

– Treninga heldt på å ta over livet, seier Kristoffer (24). Ungdom legg stadig meir vekt på det ytre, ifølgje forskar.

Kristoffer Skår Lone

Kristoffer Skår Lone har teke eit oppgjer med seg sjølv, og vil åtvare andre unge.

Foto: Privat

– Eg tenkte veldig mykje på korleis andre såg på meg.

Kristoffer Skår Lone fortel om då han som 18-åring starta med styrketrening.

Han ville bli større og sterkare.

Han ville ha respekt frå andre gutar og merksemd frå jentene.

– Eg hadde ein del usunne tankar om kor viktig den sosiale statusen var, seier Lone, som i dag er 24 år.

Dei fleste unge i dag har det bra. Det viser Ungdata-undersøkinga som kjem kvart tredje år.

Men samstundes er kroppspress noko dei fleste ungdommar opplever.

Også gutar.

Nyleg fortalde Lone historia si ein skrivekonkurranse arrangert av Bergens Tidende og studentavisa Studvest.

Eg vart observant på jamaldringar som trena styrke. Dei hadde vorte større og sterkare enn meg. Var eg dårlegare enn dei, på ein måte? Tolte eg ikkje smerta, kosthaldet og dedikasjonen som skulle til for å få resultat det stod respekt av?

Kristoffer Skår Lone / Utdrag frå skrivekonkurransen

For han var det ikkje eit press frå andre om å bygge større kropp.

For dei rundt han har alltid vore snille.

– Kroppspresset følte eg kom frå meg sjølv. At eigenverdien min avhang av at eg klarte å presse meg sjølv, seier han.

Kristoffer Skår Lone

Kristoffer Skår Lone starta med vekttrening for å få respekt frå andre gutar og merksemd frå jenter.

Foto: Privat

Han følte seg som eit uferdig prosjekt, og det var ikkje aktuelt å skeie ut i verken treninga eller matvegen.

Det vart eit kav, for å seie det litt enkelt. Mitt sjølvpålagde regime vart stadig det viktigaste, sjølv om dei rundt meg av og til kunne ønske at eg prioriterte annleis.

Kristoffer Skår Lone / Utdrag frå skrivekonkurransen

Meir vekt på det ytre

Utviklinga er at ungdom legg stadig meir vekt på det ytre.

Ungdomsforskar Ingunn Marie Eriksen ved OsloMet peikar på at det er to faktorar som påverkar den opplevde eigenverdien til ungdom.

Først er det sjølve kravet om å sjå ut på ein bestemd måte.

Det andre er arbeidet ein må legge ned for sjå sånn ut.

Ingunn Marie Eriksen på sitt kontor.

Ungdomsforskar Ingunn Marie Eriksen seier utviklinga er at ungdom legg meir vekt på det ytre.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Men når ein speglar sin eigen kropp opp mot det som er det kroppslege idealet, vil ein alltid tape.

– Og konsekvensen av det er at ungdommane kan sjå på seg sjølve som ikkje bra nok, forklarar ungdomsforskaren.

NRK har tidlegare skrive om at det ikkje er nok kunnskap om kroppspress blant gutar, at Medietilsynet er bekymra og at marknadsføring kan føre til både kroppspress og kjøpepress.

Fekk vondt av treninga

Kristoffer Skår Lone fekk merksemd då han blei større og sterkare.

Eg gjekk rundt som ein stolt hane og tenkte at no ser folk på meg.

Kristoffer Skår Lone / Utdrag frå skrivekonkurransen

Men etter kvart begynte all treninga å slite på kroppen.

Både psykisk og fysisk.

Frå dei som var han nære fekk han kritiske spørsmål om kva han dreiv på med.

NRK har vore i kontakt med fleire gutar om trening og krava som blir sette for å oppnå idealkroppen. Ein av dei er tiandeklassingen Edvard Aamot frå Førde.

Han fortel at han har vener som har følt at trening har gjort dei slitne.

– Dei har ikkje orka, eller så har dei nesten slutta, seier han.

Edvard Aamot frå Førde.

Edvard Aamot er tiandeklassing i Førde. Han har fleire venner som føler på at treninga slit på dei.

Foto: Kasper Valestrand/NRK

Ein einaste stor egotripp

For Kristoffer Skår Lone blei løysinga å ta eit kritisk oppgjer med seg sjølv.

Han innsåg at den overdrivne treninga hadde blitt ein usunn egotripp.

For meg er det største poenget med trening at kroppen skal kjennest god å vere i. Ser ein slik på det, gjer ein rett i å ikkje bli fanatisk, slik mor mi brukte å seie til døve øyrer då eg bygde kropp som verst.

Kristoffer Skår Lone / Utdrag frå skrivekonkurransen

Og no har han tatt eit oppgjer med sitt 18-årige «eg».

Skår Lone ber unge i dag om å vere sjølvstendige.

– Spør deg sjølv om kor du eigentleg vil i livet, og ta val deretter.

Kristoffer Skår Lone

Kristoffer Skår Lone har alltid vore ei kreativ skjel. Musikken er viktig, for då føler han at det ikkje handlar om å hevde seg, men om å gi av seg sjølv.

Foto: Privat