Hopp til innhold

«Megasnake McSnakeface» har vore lovleg i tre månader – no vil KrF ha nytt forbod mot reptil

Sidan i haust har det vore lovleg å ha eksotiske dyr som «Megasnake McSnakeface» som kjæledyt. No fremjar KrF forslag på Stortinget om nytt forbod mot slangar og andre eksotiske dyr.

Kongepython «Megasnake McSnakeface»

KONGEPYTON: Torben Stedje adopterte «Megasnake McSnakeface» då hennar tidlegare eigar ikkje klarte å ha henne. No kan kongepytonen bli ulovleg.

Foto: Torben Stedje

– Det er som å ha ein litt avansert akvariefisk. Dei krev ein del stell og miljøet må vere rett, seier Torben Stedje i Sogndal.

Han har kongepytonen «Megasnake McSnakeface» og kornsnoken «Pinken» som kjæledegge.

Fryktar salmonella

Det ynskjer KrF, med Tore Storehaug i spissen, å gjere ulovleg. Berre månader etter at regjeringa oppheva eit 40 år gamalt forbod mot å eige 19 reptilartar .

Då hadde diskusjonen gått sidan 2013.

– Eg vart veldig nøgd. Det handlar om dyrevelferd. Sjølv om det var forbode, så hadde mange reptil. Dei våga kanskje ikkje gå til dyrlege av frykt for å bli melde. No som det er lovleg, så er det betre for dyra, seier Stedje.

Fryktar salmonella

Tore Storehaug

NYTT FORBOD: Tore Storehaug (t.h.) og KrF håpar på støtte frå Senterpartiet når dei ynskjer å gjere det ulovleg å ha reptil. – Det spørst om dei framleis står inne for å framleis ikkje ha opning for kongepyton, kongeboa, gekko og firfisle i landet vårt, seier han.

Foto: Privat

Også KrF-politikaren nyttar argumentet dyrevelferd, men då som argument for å på nytt gjere det ulovleg å ha reptil som kosedyr.

Sidan forbodet vart oppheva har det vore stortingsval der styrkeforholda endra seg på Stortinget. Dermed er det knytt spenning til om partiet får stor nok oppslutnad til å gjere om på vedtaket.

– Veterinærinstituttet uttrykkjer at det er krevjande dyr å halde. Veterinærane sjølve seier at dei ikkje har kompetanse dei treng til å følgje opp dyra, seier Storehaug og legg til at faglege etatar også omtalar reptil som ein trussel mot folkehelsa.

– 90 prosent av alle reptil er berarar av salmonella. Legalisering fører til fleire artar, og truleg fleire salmonellainfeksjonar hos menneske og dyr, seier han.

Krevjande, men ikkje umogleg

Reptileigar Stedje vedgår at reptil er kompliserte, men ikkje umoglege, å halde.

– Det er som å ha ein litt avansert akvariefisk. Dei krev ein del stell og miljøet må vere rett, seier han.

Torben Stedje

FOR REPTIL: Torben Stedje.

Foto: Privat

– Du må ha rett temperatur, den må ned om natta og opp att om dagen, så må du ha trygge omgjevnader og nok fukt, legg han til.

– KrF er uroa for eksotisk smitte?

– Den kan også akvariefisken eller marsvinet ha. Det er nok av lovlege eksotiske dyr som også kan vere smitteberarar. Eg forstår ikkje at skjelpadde eller slange skal vere så mykje farlegare.

Har dyr i det skjulte

Storehaug håpar på støtte i Stortinget og meiner regjeringa må vurdere kva følgje eit forbod får for folk som har kjøpt seg reptil sidan august. Stedje fryktar følgjene av nok ei regelendring.

– Då blir det same problemstillinga som før. Folk har dyr i det skjulte og vågar kanskje ikkje gå til dyrlegen om dyret blir sjukt, seier han.

– Nei, eg håpar KrF tek til fornuft, og ser at dette ikkje er så skummelt som dei vil ha det til. Det er harmlause, og ikkje giftige dyr, som er på ja-lista. Kanskje dei ser lyset, avsluttar Stedje spørjande.