Hopp til innhold

Staten bruker dobbelt så lang tid på «grøne» søknadar som på oljesøknadar

Medan oljebransjen får opne nye produksjonsområde på mindre enn to år, tar det dobbelt så lang tid å skaffe straum til framtidas industri.

Gjøa-plattformen på Duva-feltet i njordsjøen

FORRANG: Knappe to år etter utbyggingsplanane var leverte, var det nye produksjonsområdet ved Gjøa-feltet alt i gang.

Foto: Norsk Petroleum

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Fem mil utanfor Florø ligg oljefeltet Gjøa.

Då olje- og gasselskapet Neptune Energy søkte om bygge ut eit nytt produksjonsområde på feltet i 2019, handla Oljedirektoratet raskt.

Knappe to år etter at søknaden vart sendt, var produksjonen på det nye området alt i gang.

Kvifor kan ikkje Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE) handle like raskt, lurer ordførar i Kinn kommune, Ola Teigen (Ap).

Konsesjonssøknadar knytt til utbygging av straumnettet tar nemleg dobbelt så lang tid å behandle.

– Sett opp mot det grøne skiftet, er dette eit stort paradoks, seier Teigen.

– Det er kø i innboksen

Illustrerande for florøværingane er at krafta frå «det hata» vindkraftverket på Guleslettene, som ikkje kjem Florø-industrien til gode fordi kapasiteten på straumnettet er for låg.

Kinn-ordføraren vil ha nye kraftkablar til industrien i dag – ikkje vente i fire år på «sinken NVE».

– Vi når sannsynlegvis ikkje målsetninga, fordi saksbehandlinga tar for lang tid.

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp) seier det same.

– Konsesjonssøknadane blir liggande altfor lenge på bordet til NVE, seier han.

To konkrete eksempel er søknadane til industriområda på Kollsnes og Mongstad, som enno ikkje har fått saksbehandlar.

Guleslettene, Kinn kommune. Sett frå Florø sentrum.

MÅ SKODE SYNET UTAN Å FÅ NYTE KRAFTA: – Hadde krafta kome industrien i Florø til gode, trur eg mange hadde sett på vindturbinane med nye auge, seier Kinn-ordførar, Ola Teigen (Ap).

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

– NVE er ein flaskehals

For Vestland fylkeskommune er tida knapp, då dei siktar seg inn på å vere utsleppsfrie innan 2030.

Den største utfordringa til omstillinga er å få nok kraft til kystområda i fylket, slik at ny industri kan vekse fram.

– Saksbehandlingstida i NVE er eit stort problem for oss. Vi produserer krafta, men får ho ikkje ut til kysten. At det ikkje er kraft her, er ei grov unnlatingssynd, seier Askeland.

Vestland fylkeskommune og ni kommunar står bak organisasjonen Invest in Bergen. I eit notat skriv dei at NVE er «ein flaskehals».

For å møte det kommande behovet for elektrifisering av samfunnet, oppnemnde Solberg-regjeringa i år eit offentleg utval som skal vurdere utviklinga av straumnettet.

– Ei viktig oppgåve for utvalet blir å vurdere tiltak som kan redusere tida det tar å handsame søknadar, sa Tina Bru (H) i juli.

Strømnettutvalet skal levere si innstilling innan 15. juni 2022.

kraftledninga, 132 kV ledningen Aura- Osbu – Vågåmo, på Slådalen mellom Vågå og Lesja. seinhaustbilde

TRENG KRAFTA: Vestland skrik etter meir kraft til kysten for nye industriplanar, men utbygginga lar vente på seg.

Foto: Even Lusæter / NRK

NVE lovar betring

Avdelingsdirektør i NVE, Inga Nordberg vil ikkje kommentere enkeltsaker, men fortel om ein stor auke i konsesjonssøknadar.

– Det har dessverre oppstått kø hos oss. Vi ønskjer naturlegvis ikkje å vere ein sinke, seier ho.

I dag ligg det om lag 70 saker på bordet til NVE, som alle ventar på saksbehandlar.

I statsbudsjettet for komande år får NVE midlar til å auke kapasiteten, i alt 15 nye stillingar. Nokre av desse skal handsame søknadar knytt til havvind, men auka kapasitet skal også kome andre konsesjonar til gode.

Det blir også gjort endringar internt slik at saksbehandlinga får fortgang, seier Nordberg.

Samtidig som ho har forståing for frustrasjonen, peikar ho på behovet for å ha grundige, demokratiske prosessar i samband med nettutbygging.

Avdelingsdirektør i energi- og konsesjonsavdelinga Inga Nordberg

KØ: NVE merkar at Noreg er i ferd med å bli elektrifisert. – Det er kø i behandlinga av konsesjonar, seier avdelingsdirektør i NVE, Inga Nordberg.

Foto: NVE

I haust konkluderte Høgsterett med at vindkraftanlegget på Fosen i Trøndelag var bygga i strid med urfolksrettar.

– Det er omsyn til natur, produksjon, kulturminne, reindrift, alt dette skal belysast så godt som mogleg. Derfor er det viktig at det er grundige prosessar, slik at ein gjer gode vedtak, seier Nordberg.