Hopp til innhold

Krev debatt om tvang i psykiatrien: – Tragisk at vi ikkje kan førebygge alvorlege hendingar

Etter nok ein alvorleg valdsepisode stiller politisjef spørsmål om regelverket i psykiatrien. Senterpartiet tek saka til Stortinget.

Dobbeldrap på Kolltveit

DOBBELTDRAP: Eit ektepar på Kolltveit på Sotra vart funnen drepne 27. juni i fjor. Sonen vart i haust dømd til tvungent psykisk helsevern. Han skreiv seg sjølv ut frå psykiatrisk sjukehus få dagar før drapa.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

– Vi har kome til eit punkt der mange blir ein fare både for seg sjølv og samfunnet, seier Kjersti Toppe (Sp) i Helse- og omsorgskomiteen.

I eit representantforslag Senterpartiet legg fram for Stortinget i dag, blir det peika på at ein bør evaluere lova om psykisk helsevern.

I 2017 vart loven skjerpa slik at pasientar med såkalla samtykkekompetanse skal få større moglegheit til å seie nei til behandling. Bruken av tvang vart stramma inn.

Lovendringa er igjen oppe til debatt etter den alvorlege knivepisoden i Svelgen i Bremanger.

Hendinga er den siste i ei lang rekke med alvorleg saker der gjerningspersonen seinare er dømd til tvungent psykisk helsevern.

Knivstikking i Svelgen

KNIVHENDING: To personar blei skadde i ei knivstikking i Svelgen tysdag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Fell mellom to stolar

I Svelgen tysdag kveld gjekk ei kvinne til åtak på to personar med kniv.

Den same kvinna blei forsøkt varetektsfengsla sist helg etter fleire alvorlege episodar, men politiet fekk nei fordi retten kom til at ho var «psykotisk på handlingstidspunktet».

No er ho tvangsinnlagd.

– Ho fell mellom to stolar og har ikkje fått den hjelpa ho burde ha fått, sa hennar forsvarar, Lene Knapstad, til NRK i går.

Dette viser dilemmaet samfunnet står i, seier Arne Johannessen, politisjef i Sogn og Fjordane.

– I fleire saker får vi ikkje fengsling sjølv om politi og påtalemakt meiner det er nødvendig. Vi ser også at helsevesenet ikkje får lagt inn pasientar der dei og politiet meiner det er riktig.

– Vi ønskjer å førebygge alvorlege hendingar. Det er tragisk at vi ikkje klarer det fordi regelverket ikkje gir oss nok verktøy, seier Johannessen.

Leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

IKKJE NOK VERKTØY: – Vi har for ofte alvorlege hendingar der politiet og helsevesen ikkje har nok verktøy til å hindre det, seier politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

Foto: Truls Kleiven / Truls Kleiven

– Lovendring kan koste liv

Fylkeslegen i Vestland har dei siste åra oppretta tilsyn i fleire drapssaker i regionen. No skal dei også vurdere saka i Svelgen.

I samband med eit innlegg om drapssaker i Florø og Haugesund fjor, uttala fylkeslege i Vestland, Helga Arianson at lovendringa frå 2017 kan koste liv.

– Den har gitt helsetenesta færre reiskapar overfor pasientar med ulike psykiatriske problemstillingar. Det har gjort at terskelen for å halde tilbake pasientar med denne type problemstillingar er blitt høgre, seier Arianson til NRK.

– Frustrerande for oss som står midt oppi det

– For oss som står midt oppi det i nærmiljøet i Svelgen er det frustrerande, seier tenestestadleiar Espen Gulliksen i Bremanger-politiet.

Kommunalsjef for helse og omsorg i Bremanger, Randi Ytrehus, seier terskelen for å bruke tvang har vorte høgare etter 2017.

– Har det blitt vanskelegare å få hjelp ute i distrikta?

– Det veit eg ikkje. Men retten den enkelte har til å takke nei, er sterkare. Kanskje er det riktig og kanskje ikkje, det er opp til lovgivarar å bestemme, seier ho.

Helga Arianson

UHELDIG: helsetenesta har fått «færre reiskapar» etter at bruken av tvang vart stramma inn i 2017, seier fylkeslege i Vestland, Helga Arianson. Ho beskriv situasjonen som «vanskeleg» og «fortvilande».

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

Tar saka til Stortinget

Ironien er at det ikkje er gitt at lovendringa har ført til mindre bruk av tvang, seier Kjersti Toppe.

Ho løftar altså saka opp til Stortinget i dag.

Toppe viser til «mange bekymringsmeldingar frå politi, helsepersonell og pårørande som opplever at folk går til grunne eller at det skjer uheldige hendingar».

– Ingen vil ha meir bruk av tvang. Men om vi ser på statistikken, så har ikkje tvangen gått ned. Det paradoksale er at pasientar gjerne går lenger enn tidlegare, og likevel til slutt blir tvangsinnlagt, seier ho.