Hopp til innhold

Studentleiar meiner endring må til etter utanlands-valdtekt

– Denne valdtektssaka viser at studentar ikkje får den oppfølginga dei burde få, seier leiaren i Norsk Studentorganisasjon.

Universitetet i Oslo holdt åpent hus

Universitetet i Oslo. Bilete er berre meint som ein illustrasjon, og har ingenting med valdtektssaka å gjera.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

NRK har dei siste dagane fortalt om den norske studenten «Eirik». Han er i 20-åra, frå Vestlandet og studerer ved ein utdanningsinstitusjon på Vestlandet.

Då han var i praksis i eit anna nordisk land i vinter, opplevde han å bli valdteken på ein hyttetur den nest siste kvelden han var der.

Då han kom heim til Noreg og skulen sin nokre dagar seinare, måtte han sjølv ta initiativ til å få hjelp og oppfølging, sjølv om skulen visste om valdtekta allereie dagen det skjedde.

– Det er ei utruleg trist sak. Samstundes blir det veldig tydeleg at studentar som er i slike situasjonar ikkje får den oppfølginga dei burde få, og at rutinane ikkje er gode nok når slikt skjer, seier Håkon Randgaard Mikalsen, leiar i Norsk Studentorganisasjon.

Forventar at politikarane tek tak

Til hausten kjem ei ny stortingsmelding om internasjonal studentmobilitet (ekstern lenkje). Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø har store ambisjonar om styrka internasjonaliseringa av høgare utdanning i Noreg.

Målet er å at fleire norske studentar vil ha eit utanlandsopphald i løpet av studietida, og at fleire utanlandske studentar skal koma til Noreg.

Håkon Randgaard Mikalsen

KREV ENDRINGAR: Håkon Randgaard Mikalsen er leiar i Norsk studentorganisasjon.

Foto: UIB

Då må også norske studentar sine rettar som reiser ut bli betre, meiner studentorganisasjonen.

– Alle utdanningsinstitusjonar må ha gode rutianar for korleis studentane blir fulgt opp. I dette tilfellet kan studenten vera traumatisert, som gjer at han burde få utsetting på graden han jobbar med, oppfølging av psykolog eller rettsleg oppfølging. Det trur eg institusjonane ikkje nødvedigvis er godt nok budde på, seier Mikalsen.

– Det burde vera nokonlunde standarisert kva oppfølging dei kan forventa, og det forventar me at politikarane ser på i denne stortingsmeldinga.

Valdteken på utveksling

TØFF TID: Studenten fortel at ikkje klarer å konsentrera seg like godt no som har gjorde før valdtekta.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Ikkje godt nok

– Er rettsvernet og rettane til studentar gode nok når dei reiser på utveksling eller i praksis i utlandet?

– Nei, openbart ikkje, seier Mikalsen, før han held fram.

– Når det er eit politisk mål at 50 prosent av norske studentar skal ha eit utanlandsopphald i løpet av studietida, så er det heilt naudsynt å sjå på kva rettigheiter og system me har for oppfølgjing av studentar både før, under og etter utlandet. Spesielt etter slike kritiske situasjonar som denne saka er eit døme på.

Den politiske leiinga i Kunnskapsdepartementet har ikkje vore tilgjengelege for å gjera eit intervju. Men i ein epost til NRK skriv dei at:

«Studentar sine rettar og oppfølging ved uforutsette uventa hendingar i utlandet vil vera eit tema i denne meldinga. På kva måte må me komme tilbake til.»