Hopp til innhold

Etterforskar valdtekt av norsk, mannleg student i utlandet

– Eg var vaken, men klarte ikkje bevega meg eller gjera motstand, seier «Eirik» til NRK. Han fortel at han vart valdteken då han var i eit praksisopphald i eit land i Norden i vinter.

Valdteken på utveksling

TILBAKE I NOREG: Mannen, som er heimehøyrande på Vestlandet, har valt å utsetta å skriva bacheloroppgåva etter det som skjedde i praksisen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Studenten ønskjer å vera anonym, difor kallar me han «Eirik».

«Eirik», som er i 20-åra, er heimehøyrande og student ved ein utdanningsinstitusjon på Vestlandet. I vinter var han i eit praksisopphald i eit anna land i Norden. Ein av dei siste kveldande i landet, skal han ha blitt dopa ned og deretter valdteken av ein annan mann like utanfor storbyen han budde i. Det fortel han sjølv til NRK.

– Eg drakk to øl til middagen og fekk ein shot i ein drikkeleik. Etter det hugsar eg ingenting før eg vakna naken på sofaen i stova. Då dreiv han på med meg, seier studenten.

Politiet i landet stadfestar at dei etterforskar saka, men er sparsame med informasjon utover det.

– Ein norsk statsborgar har meldt ein namngitt person til politiet, og saka blir etterforska. Denne personen har blitt avhøyrt, men er ikkje i varetekt. Utover det kan me ikkje kommentera saka, då den framleis er under etterforsking, seier politiet til NRK.

Invitert på hyttetur

Studenten vart invitert med på ein hyttetur av den antekne gjerningsmannen, ein person han kjende litt frå før. Seks andre personar var også med på turen.

– Han var veldig ivrig på å få meg med på turen. Alle kjende han som ein veldig likande, inkluderande, omsorgsfull person.

Men etter den første shotten i drikkeleiken er det meste svart, før han hugsar at han vaknar på sofaen. Han er naken og kjenner alt som blir gjort mot han, men klarer ikkje å gjera noko motstand. NRK har valt å ikkje skriva detaljane i kva han fortel vart gjort mot han.

– Det var ekle, forstyrrande, ubehagelege ting han gjorde mot meg. Eg var i ein slags sjokktilstand, trur eg, seier «Eirik».

Valdteken på utveksling

TUNGT: – Eg klarer nok aldri å gløyma det. Men eg skal bruka det til noko konstruktivt, seier mannen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Omnskrubb i dusjen

Då han omsider klarte å bevega på seg, raska han med seg dei eigedelane han såg, før han vekte ein av dei andre på turen og fekk han til å køyra han tilbake til leilegheita sin i byen. Han sa ingenting om kva som hadde skjedd til sjåføren.

– Det er noko eg angrar på i ettertid; at eg ikkje sa noko før me reiste frå hytta. Då hadde kanskje saka vore annleis no.

Tilbake i leilegheita var det ein ting som stod i hovudet på «Eirik», nemleg å vaska seg rein.

– Eg fann ein omnskrubb, ein slik hard svamp, og gjekk rett i dusjen. Etter det sat eg på senga mi til romvenninna mi vakna.

Han fortalde kva som hadde skjedd, og venninna tok styringa derifrå. Det første dei gjorde var å ringa praksisarbeidsplassen. Sjefen der møtte dei med ein gong og køyrde dei til eit overgrepsmottak.

Valdteken på utveksling

HAR ENDRA SEG: – Eg har blant anna merka at konsentrasjonsevna mi har endra seg, og det er vanskeleg å tenkja like systematisk som eg gjorde før.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

UD kjenner saka

Derifrå bar turen til politistasjonen og avhøyr.

– Du er sikker på at det er denne personen?

– Ja. Eg såg han i sidesynet. Etter han var ferdig, gjekk han å la seg på sofaen ved sidan av. Då eg omsider klarte å reisa meg, sov han der. Alle andre var inne på soveromma i sengene sine.

NRK har vore i kontakt med den norske ambassaden i landet og Utanriksdepartementet.

– Utanriksdepartementet er kjent med at ein norsk borgar skal ha blitt utsett for valdtekt i dette landet. Ambassaden er kontakt med personen om konsulær bistand. Av omsyn til vedkomande ønskjer me ikkje å kommentere denne saka ytterlegare, skriv Per Bardalen Wiggen, pressetalsmann i Utanriksdepartementet, i ein e-post til NRK.

NRK har fjerna namnet på landet frå svaret til Wiggen.