Hopp til innhold

Krev at staten trekkjer milliardsøksmålet etter forliset

DNV meiner ny rapport frikjenner dei for ansvar etter «Helge Ingstad»-forliset. Regjeringsadvokaten svarar at dei skal sjå på kva rapporten har å seie for milliardsøksmålet.

KNM Helge Ingstad ved skadestedet i Øygarden .

GJEKK TAPT: KNM «Helge Ingstad» i Hjeltefjorden i november 2018, etter å ha kollidert med eit tankskip, grunnstøytt og dytta på land. Her går NRK direkte frå eit pressetreff på åstaden for forliset.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Havarikommisjonen sine granskingar av skipskollisjonen og forliset i Hjeltefjorden 8.november 2018 er over.

Men etterspelet etter kollisjonen mellom KNM «Helge Ingstad» og «Sola TS» held fram i rettssalane.

Ei av sakene er søksmålet mot DNV (tidlegare DNV GL). Staten ved Forsvarsdepartementet har saksøkt klasseselskapet for 15 milliardar kroner etter forliset.

Dei meiner klasseselskapet ber ein del av ansvaret for at fregatten gjekk tapt.

Meiner rapporten frikjenner dei

«Etter statens syn skulle DNV ha avdekket at den vanntette integriteten ikke var tilfredsstillende i forbindelse med klasseopptaket og periodisk kontroll av fregattene», heitte det i stevninga som vart tatt ut 8. november 2019, eitt år etter ulukka.

– Vi har tidlegare sagt at vi meiner kravet mot oss er grunnlaust. Vi meiner Havarikommisjonens delrapport 2 underbyggjer dette, seier kommunikasjonssjef Chalotte Bjørn i DNV.

Det var Teknisk Ukeblad som først omtala at dei krev at milliardsøksmålet blir trekt tilbake. Saka skal i utgangspunktet opp til behandling i Oslo tingrett i september.

KNM HELGE INGSTAD

RETTSLEG ETTERSPEL: Fleire saker skal til behandling i domstolane, mellom dei eit søksmål mot klasseselskapet DNV.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sjøforsvaret får store delar av skulda

Sentralt i saka er dei hule propellakslingane på skipet. Det førte til at vatn fossa inn i girrommet til fregatten.

Det påverka avgjerda til skipsleiinga om å evakuere mannskapet. Staten meiner DNV burde ha oppdaga denne svakheita.

Men i Havarikommisjonen sin nye rapport er det staten sjølv, ved Sjøforsvaret, som får store deler av skulda for at fregatten faktisk sank. Mellom anna fordi dører og luker på vasstette skott ikkje vart stengde att før dei evakuerte.

«[...] verken grunnstøtingen eller vannfyllingen gjennom de hule propellakslingene hadde avgjørende betydning for at fartøyet forliste, da den manglende nedstengningen uansett ville medført forlis», konkluderer rapporten og legg til:

«Havarikommisjonen har fått informasjon om at de hule akslingene var kjent for deler av besetningen, men at dette ikke ble behandlet i avvikssystemet.»

– Vi meiner rapporten er grundig. Vi håpar at staten no revurderer søksmålet sitt, seier Bjørn i DNV, som ikkje vil gi fleire kommentarar eller stille til intervju i saka.

Vurderer søksmålet

Forsvarsdepartementet vil ikkje stille til intervju med NRK om saka, fordi dei ikkje vil «kommentere pågående rettslige prosesser».

Riktignok kommenterte forsvarsministeren søksmålet i eit lesarinnlegg hjå Teknisk Ukeblad i november i fjor.

– Forsvaret har gjennom heile prosessen vore særs opne på alle feil og manglar som har blitt identifisert. Det betyr likevel ikkje at Sjøforsvaret er den einaste aktøren som kunne og burde gjort ting annleis i denne saka, skreiv Frank Bakke-Jensen (H).

Regjeringsadvokat Ole Kristian Rigland seier at utgangspunktet for milliardsøksmålet mot DNV var å hindre at erstatningskravet kunne bli forelda medan ein venta på rapportane frå Havarikommisjonen.

– Staten har no motteke ein grundig rapport som vi må bruke noko tid på å setje oss inn i og vurderte betydninga av. For øvrig finn vi det ikkje naturleg å kommentere dei rettslege prosessane rundt hendinga no, seier Rigland til NRK.