Hopp til innhold

KS åtvarar: millionrekningar gjer at kommunar kan la vere å gripe inn i barnesaker

Små kommunar sit att med millionrekningar for barnevernsborn som ikkje lenger bur der. Konsekvensen kan bli at lokalsamfunn kvir seg for å slå alarm.

Årdal

BARNEVERNSBARN: Både Lavangen i Troms og Finnmark og Årdal i Vestland har store utgifter på barnevernsbarn som var i kommunen i berre kort tid før dei vart flytta vekk.

Foto: Kristin Hestetun

– Dette er eit sterkt insentiv til kommunar om å late vere å ta eit slikt ansvar fordi ein påfører seg sjølv store utgifter, seier Helge Eide.

Han er direktør for interessepolitikk i kommunesektorens organisasjon (KS), som alle norske kommunar og fylkeskommunar er medlemmer i.

NRK har denne veka omtalt to ulike barnevernssaker der kommunane blir sitjande att med store utgifter sjølv om barna etter kort tid har flytta ut av kommunen.

I Lavangen i Troms og Finnmark må kommunen ut med 5 millionar kroner i året. Inntil alle barna er myndige vil rekninga ifølgje kommunen kome på 73 millionar kroner.

I Årdal i Vestland får kommunen ei rekning på om lag 10 millionar etter at barnevernet i 2015 flytta to flyktningbarn over omsorgsheim. Dette trass i at barna var i kommunen i berre tre veker.

Barnevernslova seier nemleg at det er kommunen du bur i når vedtaket blir fatta, som skal betale utgiftene – sjølv om vedkommande flytter til ein annan kommune.

.

Helge Eide

KREV ENDRING: Helge Eide, direktør for interessepolitikk i KS, meiner staten må ta ein større del av utgiftene til barnevernstiltak når barna har flytta ut av kommunen.

Foto: Johnny Syversen / KS

– Uføreseieleg

Til gjengjeld kan kommunar med særleg høge utgifter til barnevern få såkalla skjønsmiddel frå Fylkesmannen, som er staten si forlenga arm i dei ulike fylka.

Lavangen har så langt fått 6 millionar kroner i skjønsmiddel, medan Årdal har fått 2 millionar.

Ei «lite føreseieleg» løysing, meiner Eide i KS.

– Delløysingar frå år til år er uføreseieleg og ikkje godt nok for kommunane, seier han.

Han får støtte frå Fylkesmannen i Troms og Finnmark, Elisabeth Aspaker.

– Vi forstår at dette er ei nesten umogleg oppgåve for vesle Lavangen å greie åleine. Lavangen har fått kriseskjønsmidlar, men vi kan ikkje utbetale alt vi har til ein kommune, seier ho.

Elisabeth Vik Aspaker

ENGASJERT: Fylkesmann i Troms og Finnmark, Elisabeth Aspaker, seier ho ikkje kan bruke alle skjønsmidlane på å dekkje utgifter til barnevern i ein kommune.

Foto: NRK

Forslag til ny barnevernslov vart sendt på høyring i april 2019, og Barne- og Familiedepartementet har varsla at dei tek sikte på å legge fram forslag til ny barnevernslov for Stortinget våren 2021.

– Finansiert gjennom dei frie inntektene

– Skjønnsmidlar frå Fylkesmannen er meint som eit tryggingsnett som kan fange opp særskilde tilhøve som vi ikkje klarer å vise omsyn til i fordelinga gjennom inntektssystemet til kommunane, svarer barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Han viser til at utgiftene til barnevern i kommunane «i hovudsak vert finansiert gjennom dei frie inntektene», og vil ikkje svare på om det kjem endringar i regelverket, slik at kommunar får refundert ein større del av utgiftene til barnevern.

Han legg til:

– Det er i tillegg ulike tilskotsordningar på Kunnskapsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet sine budsjett som kan vere aktuelle i samband med mottak av og tenester til flyktningar og asylsøkarar.

Ropstad

INGEN KOMMENTAR: Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) vil ikkje svare på om det kjem endringar i regelverket, slik at kommunar får refundert ein større del av utgiftene til barnevern.

Foto: Sara Høines / NRK

Kritiserer ministeren

– Ministeren si haldning er svært skuffande, seier ordførar Hilmar Høl (Ap) i Årdal.

Han kallar det ansvarsfråskriving at statsråden ikkje er villig til å endre regelverket.

Han får støtte frå Heidi Greni, kommunalpolitisk talsperson i Senterpartiet.

I eit skriftleg spørsmål til ministeren karakteriserer ho det som urimeleg at kommunane blir sitjande att med rekninga, og ber om at staten må ta ein større del av utgiftene.

Kari Henriksen (Ap) i Familie- kulturkomiteen på Stortinget stemmer i:

– Det er urovekkjande at ministeren ikkje her og no tar tak i dette og går i dialog med dei kommunane det gjeld. I staden skuvar han kommunane og fylkesmannen føre seg, seier ho.

Hilmar Høl

KRITISK: Ordførar i Årdal, Hilmar Høl (Ap) meiner det er heilt feil at kommunen hans får ein rekning på 10 millionar kroner for at to barnevernsbarn var i kommunen i tre veker i 2015.

Foto: Christian Blom / NRK