Hopp til innhold

To barn budde der i tre veker – kommunen sit att med millionrekning

Årdal må ut med 10 millionar kronar etter at to barnevernsbarn var innom kommunen i 2015. No ber dei om at barnevernslova blir endra.

Øvre Årdal

MÅ PUNGE UT: Årdal kommune må punge ut 10 millionar kroner for å ha hatt to barnevernsbarn i kommunen i tre veker. Dette er Øvre Årdal i Årdal kommune.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Dette er enorme kostnader for oss. Vi meiner det er urimeleg at kommunen blir pålagt så store utgifter, seier Årdal-ordførar Hilmar Høl (Ap).

No har han skrive brev til Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF). Der ber han om at regelverket blir endra, slik at staten dekkjer utgiftene i denne type saker.

Saka er denne: I desember 2015 kom to mindreårige asylbarn og stefaren deira til asylmottaket i Årdal. Det var fyrste gong dei var i kommunen.

Saka var fyrst omtalt i Sogn Avis.

Kort tid etter kom ei uromelding, og barnevernet i kommunen vart kopla inn.

Tre veker seinare vart begge barna flytta til ein beredskapsheim i ein annan kommune.

Likevel er det Årdal kommune som vart sitjande att med alle utgiftene.

Grunnen er enkel: Lovverket seier at det er den kommunen som grip inn som er økonomisk ansvarleg for borna – heile vegen. Også fem år etter at dei var i kommunen.

I brevet skriv ordføraren at slik barnevernslova og opplæringslova er forma «kan det vere til hinder for at barnevernet grip inn i tilsvarande situasjonar grunna frykt for dei tunge økonomiske forpliktingane».

Ifølgje kommunalsjefen har Årdal så langt brukt 7,5 millionar kroner på skuletilbod og barnevern for dei to barna. I same periode har kommunen fått om lag 2 millionar kroner i statlege overføringar for barna.

Innan dei blir myndige, reknar kommunen med å bruke om lag 10 millionar kroner.

Hilmar Høl

URIMELEG: Ordførar Hilmar Høl (Ap) i Årdal meiner det er svært urimeleg at Årdal blir sitjande igjen med ei rekning på 10 millionar kroner.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Uhaldbart at kommunen blir sitjande igjen med alle utgiftene

– Dette er rett og slett uhaldbart at kommunar som har gjort si plikt, ved at barnevernet har gripe inn, blir sitjande igjen med alle utgiftene i lang tid framover, seier stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp).

Ho varslar at Senterpartiet vil sende eit skriftleg spørsmål til Barne- og familieministeren for å høyre om regjeringa vil endre regelverket.

– Det verste med regelverket er at vi kan oppleve at barnevernet ikkje vil gripe inn fordi ein er redd for å pådra kommunen store kostnader i lang tid framover, seier ho.

Liv Signe Navarsete i debatt

KREV SVAR: Liv Signe Navarsete (Sp) meiner regelverket må endrast, slik at ikkje enkeltkommunar blir sitjande igjen med store kostnader for barnevernsbarn som har vore innom kommunen i kort tid.

Foto: NRK

– Hindre at barn blir kasteball

– Statsråden har ikkje fleire kommentarar om saka nå. Vi har teke imot brevet, seier kommunikasjonsrådgivar i Barne- og familiedepartementet, Martin Skaug Halsos til NRK.

Til Sogn Avis svarer departementet at «formålet med ansvarsregelen er å hindre at barn som har behov for hjelp blir kasteball mellom kommunar».

Dei viser til Barnevernslova paragraf 8, som fastslår prinsippet om at det er den kommunen der barnet til kvar ein tid oppheld seg som har ansvaret for å yte tenester og tiltak som omfatta av loven.

Ropstad

PÅ BORDET: Ordføraren i Årdal har skrive brev til Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF), der han ber om at regelverket blir endra, slik at staten dekkjer utgiftene i denne type saker.

Foto: Sara Høines / NRK